Frank Edvard Sve (FrP): Har samferdselministeren tenkt å prioritere snarlig utbedring av heile rv. 3, samt også løyve nødvendige midlar til forbikøyringsfelt?
Begrunnelse
Transportkomiteen var på komitereise til innlandet fylke, og fekk orientering fra Statens vegvesen om utbetringsarbeidet på rv. 3 gjennom Østerdalen.
Det er gjennomført breddeutviding av vegbanene samt gjennomført midtmerking med romlefelt og kantmerking og dette har gjeve god effekt til ein lav byggekostnad.
Det står igjen strekningar i dette området på rv. 3 som ikkje er utbetra, og dette er det eit stort behov for.
rv. 3 gjennom Østerdalen har stor andel tunge køyretøy, og dette medfører kødannelse med bakgrunn i at der ikkje er forbikøyringsfelt. her kan ein risikere å ligge bak mange vogntog i begrensa fart gjennom heile strekninga.