Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1850 (2022-2023)
Innlevert: 28.03.2023
Sendt: 29.03.2023
Besvart: 12.04.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren ta initiativ til at bypakkar og bompengeinnkreving blir pålagt informasjonsplikt til alle innbyggjarar og bileigarar, som sikrar at slik skattelegging ikkje rammar enkeltpersonar urettvis, og at det blir innført krav om at passeringstak vert gjort gjeldande for alle, både med eller utan avtale/bompengebrikke?

Begrunnelse

I bypakke Ålesund opplever fleire å bort imot bli flådd økonomisk av bompengar.
Har ein ikkje brikke og avtale får ein ikkje passeringstak og må betale full pris.
Enkelte har opplevd å bli belasta for 80-90 passeringar på få veker, med bakgrunn i at ein må betale ved passering av kvar einaste bompengeregistrering.
I all anna skattelegging her i landet blir det sendt ut informasjon om dette frå skatteetaten til den enkelte innbyggar. I denne bompengepakken er det IKKJE sendt ut informasjon til alle innbyggjarar/bileigarar, og det er såleis mulig å ikkje kunne få med seg kva som gjelder av regelverk for bompengane i denne bypakken.
Eldre og andre som nødvendigvis ikkje har tilgang til data og nett, eller aviser har ikkje fått nødvendig informasjon, og såleis betalar mange tusen kr i bompengar pr mnd.
Det er heilt ok og sjølvsagt at dei som har bompengeavtale og brikke får rabatt som ein fordel. Derimot kan ein ikkje akseptere at det ikkje er tak på ant passeringar pr dag/time. og at dette må kunne gjelde alle uansett avtale eller ikkje.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Bypakke Ålesund starta innkrevjing i august 2022 med eit bompengeopplegg i tråd med stortingshandsaminga av Prop. 201 S / Innst. 654 S (2020-2021). Opplegget for bompengefinansiering er mellom anna basert på lokale vedtak i Ålesund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Fire veker i forkant av at innkrevjinga starta opp, blei takst- og rabattsystemet kunngjort på vanleg måte. I tillegg er informasjon om takstane tilgjengeleg på bompengeselskapet sine nettsider. Det er lagt til grunn felles timesregel for alle bomstasjonar i Bypakke Ålesund. Ordninga gjeld både for takstgruppe 1 og 2 (lette og tunge køyretøy). I tillegg er det føresett eit passeringstak på 60 betalte passeringar per kalendermåned for køyretøy i takstgruppe 1. I tråd med gjeldande takstretningsliner krev alle rabattordningar gyldig avtale og brikke.
Eg er ikkje samd i at det ikkje er gitt god informasjon om korleis takst- og rabattsystemet fungerer. Problemstillinga representanten Sve tek opp har vore omtalt i fleire media den siste tida. Under førre regjering blei det innført eit krav til obligatorisk brikke for tunge køyretøy for å sikre innkrevjing av bompengar, særskilt for utenlandske køyretøy. Etter mi vurdering er det også viktig, av omsyn til ei effektiv innkrevjing, å sikre at delen av kundar med brikkeavtale for lette køyretøy også er høg. Det er imidlertid uheldig dersom takst- og rabattsystemet blir oppfatta som urimeleg, og eg er gjort kjend med at Statens vegvesen vil gjere ei vurdering av konsekvensane av å fjerne kravet til bruk av brikke og avtale for å få nytte av timesregelen i bypakker.