Skriftlig spørsmål fra Ingjerd Schie Schou (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:1922 (2022-2023)
Innlevert: 06.04.2023
Sendt: 11.04.2023
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 18.04.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Ingjerd Schie Schou (H)

Spørsmål

Ingjerd Schie Schou (H): Hva gjør regjeringen for at saken der mor kidnappet jente til Kypros kommer til rette igjen, og hva er status i saken?

Begrunnelse

Viser til saksnummer 13475367. Barnets far ble frifunnet ved Søndre Østfold tingretts dom av 30.09.2021. Statsadvokaten anket dommen til Borgarting lagmannsrett, som ved dom 01.02.2022 opphevet den frifinnende dommen. Ved Søndre Østfold tingretts dom av 08.02.2023 ble far igjen frifunnet. Dommen er rettskraftig. I dommen fremgår det at mor bortførte barnet og at mor leide leiemordere for å ta livet av far.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg har stor forståing for den vanskelege situasjonen dei som opplever ei barnebortføring står i. Barnebortføring skaper stor fortviling hos dei ramma og arbeidet med desse sakene er viktig.
Til den konkrete saka kan eg opplyse om at Justis- og beredskapsdepartementet handterte i perioden 2015-2017, saka gjennom oppmodingar etter barnebortføringslova av 1988 og Haagkonvensjonen om internasjonal barnebortføring av 1980. Saka vart avslutta i 2017, og norske styresmakter har etter dette, ikkje vorte bede om bistand i samband med saka.
Når det gjeld meir generelt kva norske styresmakter kan gjere i barnebortføringssaker, er Noreg tilslutta Haagkonvensjonen 1980 om internasjonal barnebortføring, som blir nytta i denne typen saker for å få bortførte barn returnert til bustadlandet. Både Noreg og Kypros er tilslutta konvensjonen. Haagkonvensjonen er det viktigaste verkemiddelet vi har for å løysa internasjonale barnebortføringssaker og det er over 100 statar som no er tilslutta konvensjonen. Formålet med konvensjonen er å sikra at barn som er ulovleg bortført til eit anna land, blir returnerte så raskt som mogleg. Målet er at den faktiske situasjonen til barnet før bortføringa eller tilbakehaldinga blir retta opp igjen.
Dersom ein forelder har ei avgjerd om at barnet skal ha fast bustad hos seg, og denne avgjerda kan fullbyrdast i Noreg, kan eit alternativ til bruk av Haagkonvensjonen 1980 vera at den norske rettsavgjerdablir søkt fullbyrda i utlandet etter reglane i Haagkonvensjonen 1996 om jurisdiksjon, lovval, anerkjenning, fullbyrding og samarbeid når det gjeld foreldremyndigheit og tiltak for vern av barn.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er norsk sentralstyresmakt for begge desse konvensjonane og hjelper foreldre i ei rekkje bortføringssaker. Det er likevel grunn til å understreka at det er avgrensingar med omsyn til kva norske styresmakter kan bidra med når eit barn er bortført frå Noreg. Internasjonale konvensjonar er baserte på gjensidig respekt for nasjonale rettssystem. Vidare har den norske staten inga form for jurisdiksjon i utlandet, heller ikkje overfor norske borgarar.
Eg ser alvorleg på internasjonale barnebortføringar. Det blir nedlagt eit stort arbeid frå norske styresmakters side for å prøva å løysa desse sakene, og for at styresmaktene i det landet barna er bortførte til skal setja i verk alle nødvendige tiltak for at føresegnene etter konvensjonen blir etterlevde.