Alfred Jens Bjørlo (V): Korleis har regjeringa følgd opp fleirtalsmerknaden frå Stortinget si handsaming av Landbruksoppgjeret for 2022 om ei kursendring for norsk landbruk gjennom å vri produksjonen i retning meir grønt og korn, samt å stimulere til auka bruk av beite- og utmarksressursar og andre verkemiddel for å kutte i bruk av soya og andre utanlandske forråvarer med høge klimaavtrykk, inn mot Landbruksoppgjeret frå 2023?
Begrunnelse
I Stortinget si handsaming av Landbruksoppgjeret for 2023, ga stortingsfleirtalet (Venstre, Høgre, Frp, SV, Rødt og MDG) følgjande marsjordre til regjeringa i form av ein fleirtalsmerknad:
«Det er eit stort potensiale for å auke norsk sjølvforsyning gjennom vriding av produksjonen i landbruket over mot meir grønt og korn, samt å stimulere til auka bruk av beite- og utmarksressursar og andre verkemiddel for å kutte i bruk av soya og andre utanlandske forråvarer med høge klimaavtrykk. Dette fleirtalet forventar at ei slik kursendring blir tydeleg signalisert, slik at norsk landbruk allereie no kan starte nødvendig omlegging.»
Eg og Venstre legg til grunn at regjeringa har følgd opp denne fleirtalsmerknaden inn mot Landbruksoppgjeret for 2023, som er fyrste høve til å starte ei slik kursendring for norsk landbruk. Eg håpar statsråden kan utdjupe korleis det har vore arbeidd med ei slik vridning av landbrukspolitikken i arbeidet inn mot årets landbruksoppgjer.