Liv Kari Eskeland (H): Korleis vil statsråden syte for kontinuerleg ruteproduksjon på ruta Stord – Oslo fram til oppstart av statleg FOT-rute 01.04.24, og med det syte for at anbodet også vert så rimeleg som mogleg for staten?
Begrunnelse
Som Statsråden kjenner til har Vestland fylkeskommune og Stord kommune bidratt med økonomiske midlar for å sikra eit flytilbod på strekninga Stord-Oslo. Avtalen som er inngått med DAT vert avslutta 31.05.2023. Dette betyr at det i bookingsystemet i dag ikkje ligg inne muligheit til å booke reiser etter 31.05.23, noko som betyr at dei reisande finn alternative reiseruter. Mange booker reiser lang tid i forveien, noko som betyr at mange reiser som kan gå over Stord vil vera låst til andre lufthavner, og vil ikkje kunne reverserast sjølv om det kjem opp eit tilbod over Stord etter 31.05.23. Lufthamna har vore i liknande situasjon tidlegare, og det viser seg at det er mykje tyngre å få opp passasjertala dersom ruta har vore ute av bookingssystemet ein periode. Det er såleis viktig med ei rask avklaring i saka om flyselskapet skal få lagt opp eit ruteprogram også etter 31.05.2023.
Visar her til merknad i Stortinget i samband med handsaming av statsbudsjettet for 2023.
«Komiteen viser til utfordringene ved flyplassen på Stord, hvor det i dag ikke flys på pendlerdagene mandag og torsdag. Tilbudet ble fra 1. november redusert med fem avganger, slik at det er langt unna det som er behovet for næringsliv og innbyggere. Komiteen ber om at regjeringen innenfor rammen for FOT i statsbudsjettet for 2023 går i dialog med Stord lufthavn og Stord kommune for å se på mulighetene for å etablere et tilstrekkelig FOT-anbud».
Staten har definert at ruta skal inn i FOT-rutesystemet frå 01.04.24. Dersom vi risikerer ein stopp i ruteproduksjonen vil det både koste meir for staten når ruta vert lyst ut, og ein risikerer at bemanning og personell på Stord lufthamn forsvinn og med det får ein kostnader for rekruttering og opplæring i tillegg til kostnader til drift av sjølve ruta.