Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:1982 (2022-2023)
Innlevert: 19.04.2023
Sendt: 19.04.2023
Besvart: 24.04.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Kan statsråden klargjøre hva det vil si å drive formidlingsvirksomhet etter barnevernsloven § 9-9 om formidling av fosterhjem, og kan statsråden videre avklare om private organisasjoner også etter 1. juli 2023 kan søke og få bevilling fra departementet til å drive med formidling av fosterhjem?

Begrunnelse

Barnevernsloven § 9-9 lyder som følger:

«Det er forbudt for privatpersoner å drive formidlingsvirksomhet for plassering av barn utenfor hjemmet. Det er forbudt for organisasjoner å formidle fosterhjem uten bevilling fra departementet. Departementet skal føre tilsyn med formidlingsvirksomheten til organisasjoner som får bevilling.
Den som overtrer forbudet i første ledd, straffes med bøter eller fengsel i inntil tre måneder. Forsøk straffes på samme måte som fullbyrdet overtredelse».

Det er knyttet usikkerhet til hvordan paragrafen skal tolkes, og hva den konkret betyr.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg takkar for spørsmålet, og vil nytta høvet til å gjere greie for kva dei private tenesteytarane kan hjelpa kommunane med etter 1. juli 2023, og klargjere innhaldet i barnevernslova § 9-9 og 15-7 fjerde ledd.
Ved handsaminga i Stortinget av Prop. 86 L (2021-2022) vart følgjande føresegn vedteke for ny barnevernslov i § 15-7 nytt fjerde ledd:

«Barnevernstjenesten kan ikke plassere barn i et fosterhjem som har inngått avtale med en privat tjenesteyter om godtgjøring for eller innholdet i fosterhjemsoppdraget. Dette gjelder ikke fosterhjem barne-, ungdoms- og familieetaten tilbyr etter § 16-3 annet ledd bokstav a og c.»

Føresegna trer i kraft 1. juli 2023, og vil ikkje gjelde avtalar inngått før lovendringa trer i kraft. Forbodet om plassering av barn i fosterheim som har inngått avtale om godtgjering og innhaldet i fosterheimsoppdraget med ein privat aktør, § 15-7 fjerde ledd, gjeld både kommersielle og ideelle aktørar. Endringa skal sette kommunen i posisjon til å følgje opp barnet og fosterheimen. Det er i dag risiko for at barnevernstenesta ikkje klarer å følgje opp situasjonen og behovet til barnet, mellom anna fordi tilgangen barnevernstenesta har til informasjon kan vere avgrensa. Eg er oppteken av at barnevernstenesta skal vere i posisjon til å gjere naudsynte vurderingar av situasjonen til barnet og å fylle sitt lovpålagde omsorgs- og oppfølgingsansvar. Føresegna skal styrkje høvet barnevernstenesta har til å vere tett på barnet.
I dag har Bufetat eit lovpålagt ansvar for å rekruttere fosterheimar, og å hjelpe kommunen med å finne ein fosterheim dersom kommunen ber om dette. Det er likevel slik at kommunen sjølv kan rekruttere fosterheimar, og private aktørar kan rekruttere fosterheimar og tilby desse fosterheimane til Bufetat eller kommunen. Det er kommunen som godkjenner fosterheimen til det einskilde barnet, og dermed er ansvarleg for fosterheimen til kvart einskild barn. Eg vil påpeike at den nye føresegna ikkje er til hinder for at private aktørar rekrutterer fosterheimar som kommunane og Bufetat kan nytta. Føresegna er vidare ikkje til hinder for at kommunen kan kjøpe enkelttenester som hjelpetiltak, avlastingstiltak og rettleiing til fosterheimar frå private tenesteytarar.
For Bufetat inneber den nye § 15-7 fjerde ledd at dei ikkje kan tilby kommunen ordinære fosterheimar som har inngått avtale om innhaldet i fosterheimsoppdraget med ein privat leverandør. Forbodet gjeld ikkje spesialiserte fosterheimar eller beredskapsheimar som Bufetat tilbyr etter barnevernslova § 16-3 anna ledd bokstav a og c.
Barnevernslova § 9-9 om at det er forbode for privatpersonar å drive formidlingsverksemd for plassering av barn utanfor heimen, er ei vidareføring frå gammal barnevernlov. Organisasjonar kan heller ikkje drive formidlingsverksemd for plassering av barn utanfor heimen, med mindre det blir gitt løyve til dette frå departementet. Føresegna er ei presisering av at plasseringar utanfor heimen er eit offentleg ansvar og at ansvaret for å hjelpe kommunane med å plassere barn utanfor heimen ligg til statleg barnevernstyresmakt. Det er så vidt eg kjenner til, heller ikkje gitt løyve til organisasjonar til å drive slik formidlingsverksemd. At private aktørar rekrutterer fosterheimar og stiller desse til disposisjon for Bufetat eller kommunen, er ikkje i strid mot dette formidlingsforbodet.