Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:2020 (2022-2023)
Innlevert: 21.04.2023
Sendt: 21.04.2023
Besvart: 27.04.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Korleis stiller utviklingsministeren seg til at Norfund – eit investeringsfond eigd og finansiert av den norske staten – hevdar seg unntatt openheitslova?

Begrunnelse

I 2021 vedtok Stortinget openheitslova for å fremje næringslivets respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Lova omfattar større norske verksemder som "tilbyr varer og tjenester i eller utenfor Norge". Med grunnlag i lova har Norsk Folkehjelp bedt om innsyn i Norfunds aktsemdsvurderingar, men Norfund hevdar dei ikkje er omfatta av lova og vil derfor ikkje dele informasjon. Som NRKs avsløring om Norfunds prosjekt Green Resources illustrer, kan det oppstå konflikt mellom klimainvesteringar og landrettane til urfolk og lokalbefolkning. Norfund var i dette tilfellet hovudaksjonær, og står som eigar av fleire verksemder. Norfund er eit investeringsfond. Ifølgje finansavtalelova omfattar definisjonen av ei finansiell teneste "alle tenester som gjeld investering".

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Svar

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim: Norfund (statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland) er eit 100 prosent statseigd selskap, der Utanriksdepartementet utøver eigarstyringa og eg som statsråd er ansvarleg. Staten sitt mål som eigar er at Norfund sine investeringar skal stimulere til sysselsetjing og berekraftig vekst i utviklingsland.
Sjølv om departementet løyver midlar til selskapet og utformar gjeldande rammevilkår, er det Norfund sjølv som er ansvarleg for selskapet sitt forhold til lover og reglar. Dette er i tråd med rolle- og ansvarsdelinga mellom staten og selskapa, som følgjer av selskapslovgjevinga og staten sin eigarpolitikk. Såleis har Norfund eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om dei er omfatta av åpenhetsloven.
Norfund har gjort ei juridisk vurdering av dette spørsmålet. Dei har informert meg om at deira tolkning av åpenhetsloven er at fondet ikkje er ein del av lova sitt verkeområde då den, jamfør § 2, gjeld verksemder som «tilbyr varer og tjenester i eller utenfor Norge», noko Norfund meiner selskapet ikkje gjer.
Eg noterer meg Norfund sitt syn, men vil samstundes vise til rammene for staten sitt eigarskap som vert skissert i eigerskapsmeldinga, jf. «Meld. St. 6 (2022-2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap». Der kjem det blant anna fram at staten forventar at selskap – i dette tilfellet Norfund – er leiande i arbeidet med ansvarleg verksemd, og gjennomfører gode aktsemdvurderingar i tråd med anerkjende metodar.
Å vere leiande i arbeidet med ansvarleg verksemd, inneber å opptre etisk forsvarleg og til ei kvar tid følgje beste praksis på området. Dette er særleg viktig for mange av Norfund sine investeringar, for eksempel innan kraftutbygging, skog- og landbruk, som i mange tilfelle vil vere arealkrevjande og ha konsekvensar for lokalbefolkninga i fattige land.
I tråd med eigarskapspolitikken forventar eg vidare at selskapa, Norfund inkludert, er leiande på openheit og rapportering og nyttar anerkjende rapporteringsstandarar. I dette ligg det at selskapet fremjar ein openheitskultur og er open om og rapporterer på alle vesentlege forhold, slik at informasjonen gir eigarane og ålmenta eit rett bilete av verksemda. Denne forventninga gjeld uavhengig av krava i åpenhetsloven.
Eg vil følgje opp desse forventningane, samt selskapet sitt forhold til og vurdering av åpenhetsloven, i den regulære eigardialogen med Norfund.