Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2024 (2022-2023)
Innlevert: 21.04.2023
Sendt: 21.04.2023
Besvart: 02.05.2023 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Er regjeringa i gang med utgreiinga av utfordringane ved samarbeid med private aktørar i forsvarssektoren, når vil utgreiinga vera ferdig, og vil regjeringa involvera Stortinget i vurderingane?

Begrunnelse

Solberg-regjeringa var pådrivar for privatisering av oppgåver i Forsvaret, såkalla strategiske samarbeid. Vedlikehald av materiell og IKT-drift er eksempel på oppgåver den førre regjeringa meinte var eigna for å setta ut til private og sivile aktørar. Slike samarbeid reiser ei rekkje problemstillingar som framleis ikkje er skikkeleg greia ut eller vurdert.
Eit samla Storting ba i desember 2020 regjeringa leggja fram ei utgreiing om bruk av ikkje-militært tilsette og tilhøve knytt til krigens folkerett og ikkje-militært personell som legitime militære mål innan 2022. I Hurdalsplattformen gjekk den noverande regjeringa vidare og la til fleire kriterium i ei slik utgreiing. Regjeringspartia lova der å

«gå gjennom Forsvarets samarbeid med private aktørar, med omsyn til blant anna sikkerheit, beredskap, kompetanse og krigens folkerett.»

Regjeringa informerte i november 2022 om at arbeidet ikkje er ferdigstilt, og at dei vil koma tilbake til Stortinget på eigna måte seinare. No er me i april 2023. I mellomtida blir avklaring av større vedlikehaldsoppgåver i Forsvaret sett på vent, og Forsvaret risikerer å mista endå fleire fagfolk.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Det er starta ei brei utgreiing om sivile sin status i krise/krig. Denne utgreiinga tar for seg sivilt tilsette i forsvarssektoren, sivile leverandørar og sivile kontraktørar. Arbeidet er i ferd med å bli ferdig og eg vil då koma attende til Stortinget om saka på egna måte.