Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sørge for at Masfjordsambandet og andre prosjekt også får ta del i dei fordelane som stortingsfleirtalet har gjort for ferjeavløysingsordningen?
Begrunnelse
Masfjordsambandet er eit viktig prosjekt i Vestland fylke. 28. mars 2023 sendte departementet eit skriv til Vestland fylkeskommune om søknaden om å la dette prosjektet inngå i ordninga. I dette brevet blir denne merknaden:
Komiteen viser til at ny nøkkel for ferjedrift for noen samband betyr nedgang i overføring til sambandet. Dette påvirker også grunnlaget for ferjeavløsingstilskuddet. Eksempler på slike samband er Masfjordsambandet og fastlandsforbindelse til Lerøy/Bjelkarøy. Komiteen mener at det må fastsettes en dato for når endringene også for ferjeavløsningsordningen trer i kraft slik at det er forutsigbarhet for dem som søker og arbeider for å realisere prosjektet. Komiteen mener det er naturlig at de søknader som kommer inn til departementet i 2017, og som tilfredsstiller kravene til en fullstendig søknad etter retningslinjene for ordningen, blir behandlet ut ifra nivået på nøkkelen slik den er i 2017. Søknader fra og med 1. januar 2018 blir behandlet ut ifra ny nøkkel.
Jf. Innst. 422 S (2016–2017). I dette skrivet legg departementet til grunn at heile ferjeavløysingsordningen frå 2017 skal gjerast gjeldande. Denne merknaden det vises til var formulert slik for at verdien av tilskott pr samband skulle vera som forespeila og ikkje endrast til ugunst for realiseringa av prosjekta. No legg departementet ei heilt ny og anna og langt meir negativ tolkning av merknaden til grunn.
Alle forebetringar av ferjeavløysingsordninga sidan 2017 (mange etter initiativ frå FrP) er gjort med henblikk på å styrke prosjekt som Masfjordsambandet. Det vil etter mitt syn vera heilt galt og i strid med merknaden at prosjekt som Masfjordsambandet ikkje skal få nyta godt av dei forbetringar som er gjort i ordningen.
Det er god samfunnsøkonomi å erstatte ferjer med bru. Derfor har heldigvis eit politisk fleirtal i fleire periodar kjempa for å forbetre ordningen. Skal ein realisere fleire prosjekt er det avgjerande at dei forbetringar som er gjort kjem alle til nytte.