Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2031 (2022-2023)
Innlevert: 23.04.2023
Sendt: 24.04.2023
Besvart: 28.04.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kor mange stillingar i statlege etatar med ein nasjonal struktur har vore lyst ut som staduavhengige stillingar med høve til arbeide desentralisert i distrikts-Noreg sjølv om den aktuelle etaten ikkje har eit eksisterande kontor i nærleiken av der jobbkandidaten bur, sidan Ap/Sp-regjeringa overtok i oktober 2021 og fram til i dag (april 2023)?

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Regjeringa har mål om å auke moglegheitene for desentralisert arbeid i staten. Auka bruk av desentralisert arbeid i staten kan styrke lokale kompetansemiljø og auke distriktsbefolkninga sin tilgang til kompetansearbeidsplassar. Tilrettelegging for at statlege arbeidsoppgåver kan bli utført staduavhengig, vil kunne bidra til at ein held på og styrkar fagkompetanse i distrikta, og til å skape større fleksibilitet i det statlege arbeidslivet. Det kan betre rekruttering av etterspurt kompetanse, gje høve til å halda på kritisk arbeidskraft dersom arbeidstakarar flyttar og det gir fleire tilgang til kompetansearbeidsplassar i staten.
Tilrettelegging for desentralisert arbeid er derfor gitt som ei ny fellesføring frå regjeringa til alle underliggande statlege verksemder i 2023. Alle statlege verksemder skal nå vurdere kva mogelegheit dei har for auka bruk av desentralisert arbeid, med det formål å oppnå meir desentralisering av statlege arbeids¬plassar og styrkje lokale fagmiljø, som kan gje distriktspolitisk vinst. I føringa blir det peikt på at slikt desentralisert arbeid fortrinnsvis bør bli kombinert med høve til å vere knytt til eit kontorfellesskap der det er tilgjengeleg.
Departementet har ikkje oversikt over talet på tilsette i staten med fast arbeidsstad utanfor ordinær kontorstad. Vi har heller ikkje ein oversikt over kor mange staduavhengige stillingar i staten som har vorte utlyst.
Alle statlege verksemder skal i årsrapporten for 2023 gjere greie for si vurdering av mogelegheitene for desentralisert arbeid, omfang og bruk av desentralisert arbeid i verksemda og erfaringane med dette. Dersom verksemda ikkje har hatt auke i desentralisert arbeid eller dersom bruken har gått ned, skal det særskilt gjerast greie for årsakene til dette.
Eg viser avslutningsvis til svara mine til Stortinget i fjor sommar, på spørsmål nr. 2348 og nr. 2447, om same tema.