Alfred Jens Bjørlo (V): Vil kulturministeren sørge for at regelverket blir endra slik at idrettshallar og andre offentlege lokale finansiert med spelemidlar kan nyttast til gjennomføring av e-sportarrangement, på linje med andre sports- og idrettsarrangement?
Begrunnelse
Vestlandet E-sport er ein paraplyorganisasjon for e-sport på Vestlandet (Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylke), som har planlagt å gjennomføre eit større e-postarrangement i Florø Idrettssenter i Kinn kommune, eit anlegg som er eigd av Vestland fylkeskommune. Foreninga har no fått avslag på gjennomføring av arrangementet fordi e-sportforeningar ikkje er søknadsgodkjende i spelemiddelordninga, og dermed ikkje kan nytte spelemiddelfinansierte anlegg på line med andre sports- og idrettsorganisasjonar.