Svar
Sigbjørn Gjelsvik: Europakommisjonen la fram sitt forslag til regulering av kunstig intelligens (KI-forordninga) våren 2021. Noreg sendte eit posisjonsnotat til EU som svar på dette forslaget. Posisjonen var eit resultat av ein brei prosess som involverte både næringslivet, partane i arbeidslivet og viktige interessentar som Datatilsynet, Standard Noreg, Diskrimineringsnemnda og Forbrukarrådet.
Arbeidet med KI-forordninga er nå i ein fase med politiske forhandlingar i EU. Som EØS-nasjon deltar ikkje Noreg i dei politiske organa i EU, men Noreg deltar i EU sitt arbeid med KI på embetsnivå, blant anna gjennom EU sine høgnivågrupper på temaet. Desse gruppene har utvikla dei policy-dokumenta arbeidet med KI-forordninga baserer seg på.
Noreg påverkar òg arbeidet gjennom andre kanalar:
- Noreg var eit av dei første landa i Europa til å etablere eit testmiljø for kunstig intelligens og personvern, ei såkalla «regulatorisk sandkasse». Denne type testmiljø er ein viktig del av den nye reguleringa Europakommisjonen har foreslått. Datatilsynet har gjort informasjon om korleis det norske testmiljøet er sett opp og resultat frå prosjekta tilgjengeleg på engelsk, og det er stor interesse for erfaringane frå arbeidet i Noreg både frå Europakommisjonen og i fleire EU-land.
- Utarbeiding av standardar er eit viktig tema i KI-forordninga. Parallelt med at EU forhandlar om formuleringane i forordninga har dei sendt ut ein førespurnad til standardiseringsorganisasjonane om å utarbeide standardar som kan støtte KI-forordninga. Noreg deltar i desse standardiseringsorganisasjonane, og Standard Noreg har blant anna oppretta ein komité for Kunstig Intelligens, for å følge opp det internasjonale arbeidet på området.
- I tillegg deltar Noreg saman med blant anna Europakommisjonen og EU-land i fleire andre fora som diskuterer spørsmål knytt til etisk og ansvarleg KI, slik som «OECD Working Party on AI Governance». Denne arbeidsgruppa jobbar blant anna med ein definisjon av KI, som EU ønsker å bruke i si forordning.
- Noreg deltek òg i Europarådet sin «Committee on Artificial Intelligence» (CAI). CAI arbeider med å framforhandle ein konvensjon om utvikling, design og bruk av KI som vil sette ytre rammer for korleis KI kan utviklast for å ivareta menneskerettar, demokrati og rettstryggleik. Denne konvensjonen vil òg danne ei ytre ramme for KI-forordninga.
Kommunal- og distriktsdepartementet følger arbeidet med å framforhandle KI-forordninga tett, både gjennom dei ulike arbeidsgruppene eg har vist til, og gjennom vår IT- og forvaltningsråd i Brussel.
Ei forordning frå EU som skal tas inn i norsk rett, må tas inn utan endringar. Når ei forordning frå EU skal innlemmast i norsk rett, må først EØS-komiteen behandle ho, slik at ho kan tas inn i EØS-avtalen. Saker som treng lovendring i Noreg, Island eller Liechtenstein, eller som er av særleg nasjonal viktigheit, kan trenge parlamentssamtykke i eit eller fleire av EFTA-landa i EØS, i medhald av artikkel 103 i EØS-avtalen, før EØS-komiteen sitt vedtak blir rettskraftig. Hvis Noreg tar slikt atterhald, vil regjeringa fremje ein proposisjon til Stortinget og be om samtykke til EØS-komitevedtaket.
Behandling i EØS-komiteen krev såleis at medlemslanda er klare med sine nasjonale vurderingar, og sjølv om ein kan forberede seg gjennom å følgje prosessen i EU tett, kan ein ikkje fullføre behandlinga før forordninga er vedtatt i EU. Sidan forordningar har direkte verknad i EU (trer umiddelbart i kraft utan behov for nasjonale vedtak), men krev gjennomføring i nasjonal rett i EFTA-landa i EØS (gjennom nasjonale politiske vedtak), vil samtidig gjennomføring i praksis ikkje late seg gjere. Forordningar inngår derfor heller ikkje i samanlikninga ("scoreboard") mellom EU og Noreg når det gjeld nasjonal implementering av EU-rettsakter.
I utkastet til KI-forordning er det foreslått at ho skal gjelde frå 24 månader etter at ho er tredd i kraft. I denne perioden kan det arbeidast med å gjere forordninga gjeldande for Noreg, viss vi vurderer at dette er ønskeleg.