Alfred Jens Bjørlo (V): Kva vil landbruksministeren gjere for å sørge for at den nye norske pæra «Celina» og annan norsk frukt og grønt av høg kvalitet når ut til norske forbrukarar, og at ikkje bønder som vil satse på auka produksjon av norsk frukt og grønt blir stoppa i si satsing av at sterke marknadsaktørar med altfor mykje makt i norsk daglegvarebransje prioriterer utanlandsk frukt framfor norsk frukt?
Begrunnelse
Nylig vart det kjend gjennom NRK at Noregs største fruktdistributør BAMA nektar å ta inn norskdyrka pærer av den nyutvikla sorten «Celina» frå fruktbønder i Sogn, og i staden vil importere store mengder utanlandske pærer. Sidan BAMA er så dominerande i marknaden, og er eigd av NorgesGruppen og Reitan, betyr det i praksis at norske forbrukarar får kraftig innsnevra sine høve til å kjøpe norskprodusert frukt og grønt. Dette er i strid med alle politiske mål for norsk landbruks- og matpolitikk – og eit utslag av altfor sterk maktkonsentrasjon i daglegvarebransjen som hindrar produsentar i å nå ut med varene sine til forbrukarane. Samtidig er det negativt for det som bør vere ein aukande del av distriktslandbruket i Noreg – å produsere frukt og grønt av høg kvalitet til ein norsk marknad med låg sjølvforsyning på denne type mat.