Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2058 (2022-2023)
Innlevert: 26.04.2023
Sendt: 26.04.2023
Besvart: 02.05.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når tar statsråden sikte på å legge fram forslag til nytt inntektssystem for kommunene?

Begrunnelse

I kommuneproposisjonen for 2023 omtaler regjeringen arbeidet med en gjennomgang av inntektssystemet slik:
Regjeringen tar sikte på å legge fram forslag til nytt inntektssystem for kommunene i kommuneproposisjonen for 2024, våren 2023.
Kommune-Norge har engasjert seg i høringen av NOU om inntekssystemet og treng avklaring på korleis nytt inntektssystem blir. No blir det av regjeringsparti folk snakka om at regjeringen likevel ikkje legger fram sitt forslag som forespeila i mai. Dermed blir norske kommunar utsett for ytterlegare ventetid før ein kjenner til forutsetningene for sin økonomiske situasjon.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Inntektssystemet er viktig for å sette kommunane i stand til å tilby likeverdige tenester til sine innbyggjarar, og leggje til rette for at folk i heile landet har tilgang på gode velferdstenester. Inntektssystemutvalet la fram si utgreiing om inntektssystemet hausten 2022, og denne har vore på ei brei høyring blant kommunane. Det har vore stort engasjement rundt forslaget frå utvalet og høyringa, og departementet har fått inn om lag 300 høyringssvar.
Regjeringa vil på vanleg måte presentere føresetnadane for kommunane sin økonomiske situasjon i kommuneproposisjonen for 2024, som vert lagt fram 11. mai. Her vil det også framgå korleis Inntektssystemutvalet sin rapport skal fylgjast vidare opp.