Ingrid Fiskaa (SV): Dei tilsette på Andøya flystasjon har hatt ein uavklart situasjon i fleire år. Det blir stadig vanskelegare å halda på den kompetansen som er nødvendig for å sikra drift og framtidige oppgåver.
Kva er regjeringa sin plan for å halda på dei forsvarstilsette på Andøya, og kan statsråden lova at det kjem ei avklaring før august 2023?
Begrunnelse
Etter det fatale vedtaket om å legga ned Andøya flystasjon og flytta basen for dei maritime overvakingsflya til Evenes, har Forsvarets tilsette og vernepliktige like fullt gjort ein stor innsats for å utføra oppdraga sine på Andøya. No hastar det med ei avklaring om framtidig bruk av flystasjonen for at ikkje dei forsvarstilsette skal forsvinna.
Den noverande regjeringa har signalisert at Andøya framleis skal ha militære oppgåver. Mottak av allierte styrkar er særleg trekt fram, men også andre oppgåver er blitt nemnt. Luftforsvaret har dessutan nyleg fremma motsegn mot planar om landbasert oppdrett nær flyplassen, fordi det vil redusera Forsvarets moglegheiter for å bruka Andøya for militære operasjonar i framtida.
Den militære drifta av flystasjonen er blitt vidareført eit ekstra år fram til august 2024 i påvente av ei avklaring, og dei tilsette har nok ein gong trødd til. Men bemanninga er knapp allereie i dag, og lenge før denne mellomperioden er over, vil dei forsvarstilsette vera på jakt etter andre oppdrag og anna arbeid. Tillitsvald Stein-Håkon Eilertsen i Norges offisers- og spesialistforbund (NOF) ved Andøya flystasjon uttalte til Bladet Vesterålen 15. april 2023 at det trengst ei avklaring seinast seinsommaren 2023 viss ein vil unngå at det som er igjen av personell skal forsvinna.
Tre stortingsrepresentantar frå Arbeidarpartiet var nyleg på besøk på flystasjonen, og har ifølgje Andøyposten uttrykt stor forståing for behovet for ei rask avklaring. Forsvarsministeren har på si side sagt at han vil venta på Forsvarssjefens fagmilitære råd før det kjem ei nærmare avklaring om Andøya. Det fagmilitære rådet er venta innan utgangen av mai.
Dersom Andøya flystasjon skal vera operativ og klar for nye oppdrag i framtida, vil det vera svært tungvint og kostbart å la dei forsvarstilsette forsvinna, for så å måtta bygga opp kompetansen frå grunnen av. Forslag til ny langtidsplan for forsvarssektoren skal etter planen leggast fram i 2024. Framtida for Andøya må derfor avklarast i god tid før dette.