Ingrid Fiskaa (SV): Sivilbefolkninga i Sudan står midt i skotelden mellom dei stridande generalane. Krigsbrotsverka er mange og humanitær tilgang er svært vanskeleg. Fattige naboland, som Tsjad, mottar mange krigsflyktningar.
Kva gjer regjeringa for å sikre humanitær tilgang inn til Sudan, og vil regjeringa finansiere humanitær hjelp til flyktningane som no kjem til Tsjad og andre naboland?
Begrunnelse
Konflikten i Sudan har vara i meir enn to veker, og sivilbefolkninga lir. Vassinfrastruktur er øydelagt, folk får ikkje kjøpt mat grunna eit nedstengt banksystem og helsevesenet har i stor grad stengt ned. Tusenvis har lagt på flukt både internt i landet og ut til nabolanda. Avtalar om våpenkvile har vorte brotne gong på gong, og dei stridande partane ser ikkje ut til å respektere krigens folkerett. Humanitære behov er enorme, men tilgangen for humanitære organisasjonar svært vanskeleg. Mange kryssar grensene til nabolanda. Det lutfattige landet Tsjad, som i utgangspunktet husar ei stor gruppe flyktningar, har motteke flest krigsflyktningar frå Sudan desse dagane. Det er stort behov for humanitær bistand i Tsjad og andre naboland.