Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram all korrespondanse angående Møreaksen mellom Statens vegvesen region midt, og sentrale aktørar i Molde, ordførar og dagleg leiing i Møreaksen as samt andre sentrale personar i dette miljøet, gjennom dei siste 10 åra?
Begrunnelse
Det er no avslørt at Statens vegvesen region midt ikkje ynskjer å bygge og gjennomføre E-136 Exportvegen mellom Ålesund og Ørskogfjellet i kommande NTP periode.
Dette er begrunna i at prosjektet E-136 Ålesund- Ørskogfjellet ikkje er verken planlagt eller prosjektert sjølv om dette prosjektet er prioritert på topp dei siste 20-30 åra av både fylkestinget, alle kommunane, NHO, LO og alt av næringslivet.
Sjølv om altså E-136 har blitt prioritert på topp også i NTP, har Statens vegvesen opptredd som ein "stat i staten" og ikkje brydd seg med kva eit samla Møre og Romsdal har meint i tiår etter tiår, og har i staden brukt over 800 mill. kr i planlegging av Møreaksen, eit prosjekt verken innbyggjarane eller næringslivet vil ha.
Vi mistenker no at E-136 er trenert og om sterke krefter i Møreaksen as og andre i dette miljøet har klart å påverke Statens vegvesen til å nedprioritere E-136 Exportvegen og brukt både planleggingsressursane og planleggingsmidlane i hovudsak på Møreaksen.
Fagleg er dette også fullstendig forkastelig, då både E-39 Veibust-Blindheim-Moa som fylkets desidert mest trafikkerte veg, samt "dødsvegen" i dette området men fleire dødsulykker og alvorlige ulykker, samt heile E-136 Ålesund-Bjorli er både dei farligaste vegane og Exportvegane i denne regionen.
"det finnast ikkje faglege argument for å priroitere Møreaksen til meir enn 25 milliard kr, for 2292 bilar i døgnet."
Tidens Krav har tidligare avslørt eit hemelighald med kontakt mellom Statens vegvesen og ulike aktørar på Møreaksen sida, og dette vart omtalt som, -den mystiske Torgeir og ein uverdig aksekamp.
Det kan sjå ut til at det har vore nære relasjoner mellom Statens vegvesen region midt og sentrale personer midt i Molde, slik som ordførar og dagleg leiar av Møreaksen as samt andre sentrale aktørar i dette miljøet.
-motsatt opplever dei som arbeider for Romsdalsaksen det som blir oppfatta som motarbeidelse og slett ikkje samhandling.
Åpenheit er svært viktig i offentlig forvaltning, og i ei så betent sak der det no viser seg at Statens vegvesen faktisk IKKJE har verken planlagt eller prosjektert E-136 Ålesund til Ørskogfjellet, blir det svært viktig å få fram alle fakta ikring kva som har skjedd, korleis kunne dette skje, og kven har ansvaret.