Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2116 (2022-2023)
Innlevert: 03.05.2023
Sendt: 03.05.2023
Besvart: 09.05.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram Statens vegvesenet region vest sitt opprinnelege berekningsgrunnlag for fjordkryssingsalternativet for Romsdalsfjorden-"Romsdalsaksen", før dette vart omgjort av Statens vegvesen region midt?

Begrunnelse

Selskapet som arbeidar for alternativet for E39/kryssing av Romsdalsfjorden, Romsdalsaksen as har tidligare fått avslag på innsyn i Statens vegvesen region vest sin berekningar av alternativet til Møreaksen for kryssing av Romsdalsfjorden.
Det kan derimot tyde på at det Statens vegvesen region vest hadde som kostnadsgrunnlag for Romsdalsaksen, ikkje er i samsavar med det Statens vegvesen region midt la fram som endeleg samanlikningsgrunnlag.
Det er av stor interesse for alle at dei faktiske forhold kjem fram ang. alternativet Romsdalsaksen, og at grunnlaget som Statens vegvesen region vest sitt grunnlag blir offentliggjort i sin opprinnelege versjon.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Representanten Sve har i spørsmål 2056 bedt om innsyn i interne grunnlag i Statens vegvesen som låg til grunn for utgreiinga «E39 Ålesund-Molde – vurdering av alternativ for kryssing av Romsdalsfjorden» frå desember 2019. Eg oppfattar at dette spørsmålet går på delar av dei same opplysningane.
Statens vegvesen har vurdert at einingsprisane som var nytta i utgreiinga ikkje er offentlege, jf. offentleglova § 23 1. ledd. Statens vegvesen har vurdert meirinnsyn, jf. offentleglova § 11. Resten av grunnlaget for utgreiinga er offentleg og har vore omtala i media. Sjølve utgreiinga er også offentleg og er tilgjengeleg på vegvesen.no.