Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2130 (2022-2023)
Innlevert: 04.05.2023
Sendt: 05.05.2023
Besvart: 12.05.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Det har nå gått mange måneder siden statsråden lovet en ekstern granskning av utenlandsadopsjoner.
Kan statsråden redegjøre for arbeidet med mandat og utvalg, og kan hun bekrefte om granskningen snarlig vil komme i gang?

Begrunnelse

Etter påtrykk fra FrP og krav fra mange adopterte og deres familier snudde regjeringen i januar og innvilget en uavhengig granskning av utenlandsadopsjoner.
Undertegnede har stilt flere spørsmål i etterkant av b.la. besøk til Sør-Korea og henvendelser fra berørte om videre prosess.
Senest i statsrådens svar til undertegnede i dokument nr. 15:1496 (2022- 2023) viser hun at det nå skal foretas en ekstern granskning.
Imidlertid er det fremdeles ikke gjort kjent et mandat eller hvem som evt. skal sitte i dette utvalget.
Mange er utålmodig på at arbeidet etter hvert skal komme i gang, både i og utenfor Norge.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg takkar for spørsmålet, og viser òg til svaret på skriftleg spørsmål nr. 2091 frå stortingsrepresentant Kathy Lie om same tema.
Arbeidet med ekstern gransking av utanlandsadopsjonar er viktig, og har høg prioritet i departementet. Mandatet er no under utarbeiding og som ein sentral del av førebuingane har ein innhenta og lytta til innspel frå adopterte og andre grupper som saka gjeld. Eg har prioritert å ha møter og fått innspel til rammer og innretning på granskinga frå ei rekkje organisasjonar og enkeltrepresentantar for adopterte. Bufdir har òg halde eit innspelsmøte. Mange har dessutan levert skriftlege innspel som er gjennomgått av Bufdir og i departementet.
Ein god prosess i forkant er viktig, mellom anna for å gjere gode vurderingar av kva føringar og avgrensingar som skal liggje i mandatet, slik at utvalet blir gitt høve til å granske tilstrekkeleg breitt, men samtidig grundig.
At granskinga skal vere ekstern gjer at det trengst andre førebuingar. Eg meiner vi må sikre gode rammer framfor å prioritere at arbeidet blir gjort så raskt som mogleg, òg med tanke på at granskinga skal ta for seg historiske adopsjonar som ligg tilbake i tid. Samtidig er eg utolmodig, og jobbar for at granskinga skal starte så snart som det er mogleg..
I samband med granskinga vil det eksterne utvalet måtte sjå på dokumentasjon som inneheld personsensitive opplysningar. Bufdir vurderte den 10. juni 2022 at den generelle teieplikta etter forvaltningslova ville vere tilstrekkeleg til å gi utvalet nødvendig informasjonstilgang. I samband med førebuingane til nedsetjinga av utvalet denne våren, bad departementet om ei fornya vurdering av dette spørsmålet. I den nye vurderinga har Bufdir kome til at ein treng ei eiga lov om informasjonstilgang for utvalet, av omsyn til personvern og effektivitet i arbeidet. Departementet arbeider med å greie ut dette og andre føresetnader for at granskingsutvalet kan starte arbeidet sitt.
På bakgrunn av dette arbeider eg mot at utvalet startar arbeidet til hausten.