Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:2137 (2022-2023)
Innlevert: 05.05.2023
Sendt: 05.05.2023
Besvart: 12.05.2023 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Vil utanriksministeren fordømma og/eller gi ein tydeleg reaksjon mot tyrkiske styresmakter sine aksjonar mot kurdiske journalistar og folkevalde i forkant av valet 14. mai, og korleis vil utanriksministeren bruka diplomatiske og offentlege kanalar til å hindra ei ulovleg nedstenging av det kurdiske opposisjonspartiet People's Democratic Party (HDP)?

Begrunnelse

Morgonen 25. april vart meir enn 100 kurdiske journalistar, folkevalde, advokatar og aktivistar arrestert i ein koordinert politiaksjon i fleire tyrkiske byar. Ifølgje tyrkiske medium har påtalemyndigheiter i Diyarbakir utferda arrestordrar med terror-relaterte tiltalar for 286 personar, og av desse vart 128 personar haldne i varetekt per 28. april. Dette har blitt etterfølgt av fleire aksjonar og arrestasjonar av kurdiske journalistar og folkevalde, seinast i Istanbul 2. mai. Reporterar Utan Grenser (RSF) kallar aksjonane ein politisk manøver for å svekka kurdiske medium og politisk opposisjon i forkant av valet 14. mai.
Fleire av dei arresterte politikarane er medlemmer av det kurdiske partiet People's Democratic Party (HDP), som i tillegg er tiltalte i landets konstitusjonelle domstol og vert trua av ulovleg nedstenging like før valet. Amnesty International har nyleg uttalt at ei nedstenging av HDP vil medføra ei rekke brot på ytringsfridommen og organisasjonsfridommen.
Tyrkia har under president Erdoğan flytta seg i ei autoritær retning der ytringsfridommen og organisasjonsfridommen stadig vert innskrenka. Tyrkiske styresmakter har systematisk brukt antiterrorlovgiving til å fengsla fleire leiande journalistar, menneskerettsforsvararar, og politiske motstandarar med tiltalar basert på tilknyting til terrorgrupper eller propaganda for terrororganisasjonar. Tyrkia er mellom landa i verda som har flest journalistar i fengsel.

Anniken Huitfeldt (A)

Svar

Anniken Huitfeldt: Valgene i Tyrkia 14. mai blir observert av Organisasjonen for sikkerhet og samarbeid i Europas (OSSE) kontor for demokratiske institusjoner og menneskerettigheter (ODIHR). Valgobservasjonen ledes av tidligere utenriksminister Jan Petersen. I sin forhåndsrapport har ODIHR slått fast at valget gir velgerne et reelt valg mellom kandidater, men at det er mangler både ved ytringsfriheten og anvendelsen av rettsstatsprinsippene i valgkampen. ODIHR har rapportert om både fysiske og administrative tiltak som begrenser valgkampaktiviteter sørøst i Tyrkia, der flertallet er kurdere.
Norge støtter OSSEs arbeid med å overvåke valgene i Tyrkia. Vi oppfordrer tyrkiske myndigheter til å følge de råd ODIHR gir. Vårt syn er at respekt for ytrings-, forsamlings- og foreningsfrihet, herunder fri presse og fri valgkamp, samt respekt for rettsstatsprinsippene, er viktige forutsetninger for gjennomføringen av frie valg.
Folkets demokratiske parti (HDP) stiller til valg som en del av partialliansen Det grønne venstreparti. Ambassaden i Ankara følger med på tyrkiske myndigheters granskning av HDP. Vi støtter kravet fra Europarådets ministerkomité om umiddelbar løslatelse av partiets leder Selahattin Demirtaş.