Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:2151 (2022-2023)
Innlevert: 05.05.2023
Sendt: 08.05.2023
Besvart: 15.05.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Det statlege utviklingsfondet Norfund har stemna Honduras i den internasjonale stat-investor tvisteløysingsmekanismen ICSID. Regjeringa har sagt opp avtaler med europeiske land med stat-investor tvisteløysingsmekanisme og statsrådens eigne partikollegaer har ved ulike høve uttala seg særdeles kritisk til private selskaps høve til å stemne statar med grunnlag i politisk regulering.
Var utviklingsministeren orientert før søksmålet vart reist og kva meiner ministeren om at den statlege utviklingsaktøren nyttar seg av ICSID?

Begrunnelse

21. april reiste Norfund søksmål mot Honduras i International Centre for Settlement of Investment Disputes (ICSID). ICSID er ein tvisteløysingsmekanisme under Verdsbanken der private selskap kan stemne statar. Slike stat-investor tvistemekanismar er omstridde fordi ei rekkje multinasjonale selskap har reist sak mot statars reguleringar med omsyn til miljø, klima, arbeidarrettar, urfolksrettar med meir. I mange tilfelle har selskapa vunne fram og statane har blitt pålagt å betale store summar i erstatning. Noreg har inngått relativt få mellomstatlege avtaler med slik stat-investor klausul og regjeringa sa i fjor opp slike avtaler med EØS-land.
Norfund er eit statleg fond som er oppretta av Stortinget med mål om bidraga til fattigdomsreduksjon ved å stille med kapital til næringslivsprosjekt med høg risiko. Norfund har dei seinare åra motteke ein relativt stor del av det norske bistandsbudsjettet. Norfund gjekk inn som investor i to fornybar energiprosjekt i regi av Scatec i Honduras i 2014 og 2015.
Etter regjeringsskiftet i Honduras i 2022 har styresmaktene hatt som mål å ta tilbake den demokratiske kontrollen over krafta. Med grunnlag i ei ny energilov har styresmaktene reforhandla straumkjøpsavtalene med private selskap. 16 energiselskap – mange av dei utanlandske – har inngått nye avtaler.
Med grunnlag i påstått brot på kjøpskontrakta har Scatec og investor Norfund gått til sak mot Honduras i ICSID. Selskapet hevdar dei ikkje har fått betalt etter avtale. Styresmaktene på si side hevdar at kjøpskontraktene la til grunn at dei skulle betale for langt meir straum enn det nettet kunne levere. Styresmaktene meiner dei ikkje skal betale for straum dei ikkje har fått. Kapasiteten på nettet er ansvaret til eit anna privat selskap.

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Svar

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim: Norfund - statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland - er eit 100 prosent statseigd selskap, der UD og eg som statsråd er ansvarleg for eigarstyringa. Det er Norfunds eige ansvar å gjere dei forretningsmessige vurderingane som er knytt til oppfølginga av enkeltinvesteringane deira. Dette er i tråd med staten sin eigarpolitikk for selskap.
Norfund har informert meg om at dei har fått registrert ein tvist selskapet har med Honduras ved International Centre for Settlement of Investment Disputes (ICSID). Norfund orienterte meg om saka i etterkant av at førespurnad om registrering vart sendt ICSID. Representanten sitt spørsmål antyder at saka gjeld politisk regulering. Norfund opplyser at saka dreier seg om kontraktsbrot knytt til betaling for fornybar energi frå solkraftverk som Norfund er investert i, og at ein i fleire år har forhandla med styresmaktene om manglande betaling.
ICSID er ein internasjonal skilsdomsinstitusjon under Verdsbanken, og Noreg slutta seg til ICSID-konvensjonen i 1967. Norfund opplyser at honduranske styresmakter, gjennom landet si lovgiving, sjølve har gjort ICSID til den einaste internasjonale tvisteløysingsmekanismen som var tilgjengelig for prosjekta Norfund har investert i. Slike tvisteløysingsmekanismar kan vere utfordrande av ulike årsaker, både konstitusjonelt og politisk.
Det er alltid beklageleg når ei usemje kjem til det punktet at saka må løftast til ein domstol eller eit tribunal. Norfund opplyser at dei samstundes held fram dialogen med styresmaktene i Honduras for å komme til ei semje. Vidare har dei bede ICSID om å mellombels utsette vidare handsaming av saka, for å få meir tid til å forhandle med styresmaktene. Eg vonar at saka kan få ei minneleg løysing.
Norfund presiserer at tvistemålet ikkje dreier seg om betaling for straum som ikkje har blitt levert.
Representanten nemner at fleire energiselskap har inngått nye avtalar med Honduras. Norfund har informert meg om at dei er blant desse selskapa. Prosjekta ventar framleis på betaling i samsvar med desse avtalane.
Eg vil legge til at Norfunds investeringar skal stimulere til sysselsetjing og berekraftig vekst i utviklingsland. Utbygging av solpanel i land som Honduras bidrar til at fleire får tilgang til elektrisitet, og at den økonomiske veksten i større grad blir basert på fornybar energi. Solkraftverka Norfund er investert i står for om lag 15% av all solenergi levert inn på det nasjonale nettet i Honduras.