Birgit Oline Kjerstad (SV): Gjennom ID avklaringsprogrammet for Irakiske flyktningar skriv Klassekampen at no har heile 616 av dei 645 flyktningane som er tekne opp i programmet fått avklara sin identitet.
Vil regjeringa vurdere å opprette liknande ID avklaringsprogram for flyktninggrupper frå andre krigsherja områder, som til dømes Afghanistan og Somalia slik at menneske med uklar identitet slepp å gå i årevis utan nødvendig avklaring?
Begrunnelse
Det er svært vanskelig for eit menneske å leve i mange år utan formell identitet. Det fører til at heile livet stanser opp og ein er dømd til å leve i limbo, totalt avskore frå å kunne delta i samfunnet på lik linje med andre. Det er viktig for staten å vite identiteten til alle som oppheld seg i landet, men det er svært vanskeleg for menneske som har flykta frå krigsherja land, med svak og dårleg organisert sentralmakt, å skaffe til veie nødvendige identitetspapir på alminneleg vis. Dei som flyktar frå krig og forfylgjing og som er rettmessige flyktningar har behov for å kunne starte livet på nytt, utan å ha frykten for utvising hengande over seg i årevis. Det at ID prosjektet som er sett i verk for ei gruppe Irakiske flyktningar har gitt så gode resultat, er ei viktig erfaring å bygge videre på.