Skriftlig spørsmål fra Ove Trellevik (H) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2165 (2022-2023)
Innlevert: 08.05.2023
Sendt: 09.05.2023
Besvart: 19.05.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Når vil regjeringa si konklusjon og tilråding til Stortinget liggja føre, og når blir høyringsinnspela offentilgjort på regjeringa sine nettsider?

Begrunnelse

Ekspertutvalet som fekk i oppdrag å vurdera og tilrå vidare tiltak for ubåtvraket U-864 og kvikksølvforureininga, la tysdag 20. september 2022 fram rapporten sin. I etterkant sende regjeringa rapporten på 3 mnd. høyring. Høyringsfristen er ute.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Høyringa om rapporten hadde frist 27. januar, og 2. februar blei høyringsinnspela publisert på regjeringa sine nettsider.
Regjeringa går nå gjennom rapporten og alle høyringsinnspel. Det er viktige og komplekse vurderingar som skal gjerast, og dette arbeidet kan ta noko tid. Om det viser seg mogleg, vil vi presentere saka for Stortinget i samband med framlegginga av Prop. 1 S (2023-2024).