Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2178 (2022-2023)
Innlevert: 10.05.2023
Sendt: 10.05.2023
Besvart: 22.05.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Hvordan vil statsråden skjerme barn og unge som utsettes for ulovlig og potensielt skadelig markedsføring fra skjønnhetsindustrien og de konsekvensene det kan ha for den psykiske helsen, og hva vil statsråden gjøre for å bekjempe lovbrudd og useriøse aktører?

Begrunnelse

TV2 fortalte denne uken hvordan Forbrukertilsynet, Legemiddelverket og Helsetilsynet nylig har kartlagt omfanget av useriøse og ulovlige aktører i skjønnhetsbransjen. Det de omtaler som “Aksjon Injeksjon” avdekket at antallet skjønnhetsklinikker som markedsfører seg ulovlig var alvorlig stort. Ifølge saken mottar 40 klinikker brev om lovstridig markedsføring, og 10 har mottatt brev fra to eller tre av tilsynsmyndighetene. Lovbruddene dreier seg blant annet om aggressiv reklame som rettes mot barn og unge som utsettes for kroppspress, og for svak informasjon om risiko og bivirkninger ved behandlinger.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som representanten viser til i grunngivinga for spørsmålet, har Forbrukartilsynet, Legemiddelverket og Helsetilsynet nyleg gjennomført ein tilsynsaksjon og sendt brev til 40 klinikkar om ulovleg marknadsføring av kosmetiske inngrep.
Eg reagerer sterkt på funna frå tilsynsaksjonen. Bransjen har ikkje teke dei gjeldande reglane innover seg, og det er heilt uakseptabelt. Eg er bekymra for konsekvensane dette kan få for barn og unge. Dei sosiale media som barn brukar er ikkje lovtomme rom, og alle som driv med marknadsføring på slike plattformer må ta omsyn til at barn kan sjå den.
Det er bra at tilsyna samarbeider om å ta tak i den ulovlege marknadsføringa. Når tilsyna har funne brot på marknadsføringsreglane hos så mange klinikkar, har eg ei klar forventing om at klinikkane det gjeld og bransjen ryddar opp. Gjer dei ikkje det, risikerer dei fleire sanksjonar enn dei som allereie er varsla i aksjonen.
Regjeringa har nyleg innført reglar på helseområdet for å motverke kroppspress. I fjor blei det ved endringar i helsepersonellova og pasient- og brukarrettigheitslova innført ei aldersgrense på 18 år for å få utført kosmetiske inngrep. Pasientar under 18 år, foreldra eller andre med foreldreansvar kan heller ikkje gi gyldig samtykke til slike inngrep. Frå mars i år er forskrift om marknadsføring av kosmetiske inngrep endra, slik at den understrekar at reklame ikkje skal utformast på ein måte som kan bidra til kroppspress hos barn. Under ansvarsområdet til helse- og omsorgsministeren er det ei rekkje reglar for tilbod og marknadsføring av kosmetiske inngrep, og legemiddel. Det er desse reglane som Legemiddelverket og Helsetilsynet har brukt i den felles tilsynsaksjonen.
I marknadsføringslova, som eg har ansvaret for, går det fram at aktørane skal vise særleg aktsemd overfor barn. Mellom anna er det forbode å rette direkte kjøpsoppmodingar til barn. Barn er òg gitt eit vern mot uetisk marknadsføring som spelar på til dømes usikkerheit eller dårleg sjølvtillit. Frå i fjor er det presisert i lova at dette òg gjeld reklame som kan føre til kroppspress, og det blei innført krav om merking av retusjert reklame.
Det er Forbrukartilsynet som fører tilsyn med at desse reglane blir følgde, og dei har i samband med aksjonen sendt brev til 34 av klinikkane. Forbrukartilsynet har bedt klinikkane om å rette opp lovbrot og innføre rutinar for å unngå at det skjer igjen. Ved seinare tilsyn vil dei leggje vekt på at klinikkane no er grundig orienterte om reglane og at vurderingane då kan bli strengare. Dei har òg orientert om heimlane i marknadsføringslova til å ileggje økonomiske sanksjonar, og utarbeidd rettleiing i samarbeid med dei andre tilsyna. Eg forventar derfor at klinikkane ryddar opp.
Sjølv om vi har reglar og tilsyn på plass, meiner eg at vi må gjere meir for å sikre at barn er verna mot slik ulovleg marknadsføring. Regjeringa er i gong med ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium, som departementet mitt leier. Vi vurderer no om reglane og handhevinga kan gjerast meir treffsikre, og marknadsføring som kan medverke til kroppspress er eit av emna vi ser nærare på. I slutten av februar arrangerte eg eit offentleg innspelsmøte om dette, og fleire tok opp behovet for styrkt tilsyn og samarbeid. Tilsyn med reglane vi allereie har er avgjerande, og samarbeid og koordinering mellom ulike organ kan gje gode resultat. Eg har nyleg hatt møte med fleire tilsyn og direktorat for å få deira synspunkt på kva som kan gjerast for å styrkje det generelle forbrukarvernet til barn i digitale medium. Resultata av aksjonen her vil òg gi nyttig informasjon om kva som må gjerast vidare.
Forbrukarvernet til barn og deira vern mot ulovleg marknadsføring er ein viktig del av arbeidet med trygg digital oppvekst, som departementet mitt no arbeider med ei stortingsmelding om. I tillegg er regjeringa i ferd med å setje ned eit utval som skal sjå på konsekvensane av skjermbruk for mellom anna den psykiske helsa til barn og unge.