Alfred Jens Bjørlo (V): NAV si nye bedriftsundersøking viser at norske offentlege og private verksemder manglar over 50 000 arbeidstakarar.
Kvar fjerde bedrift slit med å få tak i folka dei treng. Vil næringsministeren sørge for å ta nødvendige politiske initiativ for å gjere det lettare for norske verksemder å finne og tilsetje fleire, i staden for å gjere det stadig vanskelegare og dyrare for bedrifter over heile landet å få folk i jobb?
Begrunnelse
NAV seier i si nye bedriftsundersøking at vi snart må tilbake til sist Arbeiderpartiet og Senterpartiet styrte landet, i 2008, for å finne høgare mangel på kvalifisert arbeidskraft.
Det er eit problem som denne regjeringa må ta deler av ansvaret for. Ap/Sp-regjeringa har gjort det vanskeligare å tilsetje midlertidig, vanskeligare å ta i bruk bemanningstenester, stemt ned alle forslag om å gjere det lettare for bedrifter å rekruttere folk internasjonalt, auka skattane på å tilsetje arbeidsfolk og foreslått å strupe tilgangen på lærlingar ved å svekke opplæringskontora i ny opplæringslov. Regjeringa har også avvist alle initiativ frå Venstre og andre parti på Stortinget om å legge til rette for mulighetane som ligg i eit meir staduavhengig arbeidsliv, og dermed hindra arbeidstakarar og arbeidsgivarar i å få ein større geografisk arbeidsmarknad å spele på.
Regjeringa har også redusert mulegheitene for å kvalifisere seg i arbeid ved å kutte i ordninga Kompetansepluss, kutte i modulbasert opplæring for vaksne, kutte i stipendordningar for norske studentar i utlandet (som ofte hentar heim verdfull kompetanse), innført studieavgift for utanlandske studenter som kjem til Noreg og kutta i tiltak for internasjonalisering i høgare utdanning.