Frank Edvard Sve (FrP): Vil Klima- og miljøministeren ta initiativ til å invitere til eit møte, og samle snarast råd leiinga i Norges skytterforbund og alle andre skyttarsportsaktørar i landet til dialog og drøftingsmøte ang denne svært viktige saka, der regjeringa kan ta mange hundre tusen idrettsutøvarar og skyttarar i mange forbund her i landet på alvor?
Begrunnelse
EU s kjemikaliebyrå (ECHA) har foreslått eit fullstendig blyforbud i ammunisjon. Forbudet er til behandling, og presidenten i Norges skytterforbund er sterkt kritisk til dette og uttaler at det blir svært viktig å få forståelse i regjering og på Stortinget betydningen eit slik forslag vil kunne få for norsk skyttarsport.
Ett forbud vil gjere det svært krevjande for skyttere og jegere, også for skiskyttere. Det finnast ikkje alternativ til ammunisjon, spesielt for skiskyting og anna internasjonal skyting, der kal 22 blir brukt. Det er også store utfordringar med anna skyttarsport av samme grunn.
I Sverige blir det no arbeid intens for å stoppe og kunne endre dette forslaget, der alle organisasjonane der står bak regjeringa sitt arbeide for å forsøke å endre på det foreliggende forslaget i EU.
I Norge er ein ikkje på same nivået og det blir gitt informasjon om at Norge angjeveleg skulle være i utgangspunktet positive til dette vanvittige forslaget. dette utan at regjeringa har tatt med seg organisasjonane på same måten som i Sverige.
Skyttarorganisasjonane er sterkt kritisk til at regjeringa ser ut til å være positiv til dette forslaget og dei har også hatt problem med å få kontakt med klima- og miljøminister Espen Barth Eide, og dei har ikkje oppnådd å få møte ministeren ang saka.
Det Svenske forbundet meiner EU-forbudet er overflødig ettersom det kan gjerast tiltak for å hindre at bly lekker ut i naturen, og ein kan samle dette opp, det same er sjølvsagt gjeldande for Norsk skyttarsport. I dag er det omfattande kulefang som samlar opp slik ammunisjon, og det burde overhode ikkje være noko stor sak å finne ordningar og krav til dette som ivaretar formålet, utan eit slikt totalt unødvendig og sterkt inngripende forbud.