Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:2207 (2022-2023)
Innlevert: 12.05.2023
Sendt: 12.05.2023
Besvart: 16.05.2023 av arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Vil eit oppdatert rundskriv om ME-sjuke sine trygderettar bli publisert i løpet av mai 2023 slik statsråden tidlegare har signalisert til Stortinget, for å få slutt på at CFS/ME-sjuke under avklaring ikkje blir pålagt krav og forventingar frå NAV som ikkje er vitskapleg funderte, som er utilgjengelige og/eller dei får avslag på i det offentlege helsevesenet?

Begrunnelse

Eg syner til tidlegare skriftleg spørsmål frå representanten Seher Aydar (R) om denne saka, Dokument nr. 15:1946 (2022-2023). Her opplyser Arbeids- og inkluderingsministeren at Arbeids- og velferdsdirektoratet «..tar sikte på at et oppdatert rundskriv kan publiseres i løpet av mai 2023.»

Marte Mjøs Persen (A)

Svar

Marte Mjøs Persen: For å følgje opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 59 og 60 har eg bedt Arbeids- og velferdsdirektoratet om å gjennomgå praksisen. Denne gjennomgangen skal etter planen bli ferdig frå direktoratet si side i løpet av første halvår 2023. Eg vil komme tilbake til Stortinget etter at praksis og regelverk er gjennomgått.
Parallelt med gjennomgangen vurderer direktoratet òg om dei interne retningslinene (rundskrivet) bør justerast. Representanten viser i spørsmålet sitt mellom anna til svaret mitt 21. april 2023 på spørsmål nr. 1946 (2022-2023), der eg skreiv at direktoratet tok sikte på å publisere eit oppdatert rundskriv i løpet av mai.
Direktoratet har opplyst meg om at dei 15. mai har publisert oppdatert rundskriv (omtale til folketrygdlova §§ 12-5 første ledd første punktum og 12-6 andre ledd første punktum).