Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2228 (2022-2023)
Innlevert: 14.05.2023
Sendt: 15.05.2023
Besvart: 23.05.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden opplyse kva som blir årleg ferjeavløysingsmidlar for å erstatte Husavik – Sandvikvåg og Hufthamar – Krokeide med fastlandsforbindelse til E39 for Austevoll kommune med grunnlag i ordning som foreslått i Prop. 112 S (kommuneproposisjonen for 2024)?

Begrunnelse

Eg viser til mitt spørsmål Dokument nr. 15:2288 (2019-2020). Når regjeringa no legg inn verdien av gratis ferje i ordningen kjem dette sambandet gunstigare ut då begge sambanda er inne i ordningen.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Storleiken på dei årlege ferjeavløysingsmidlane blir rekna ut på bakgrunn av reduksjon i tilskot gjennom kostnadsnøkkelen i inntektssystemet når eit ferjesamband blir avløyst eller korta inn av ei bru eller ein tunnel. Avløysing av eit ferjesamband vil gi ein lågare verdi på kriteriet «normerte ferjekostnader» mens det nye vegnettet vil gi auka verdi på kriteriet «vedlikehaldsbehov fylkesveg». Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar blir altså rekna ut som nettoeffekten av desse endringane i inntektssystemet.
I dagens inntektssystem utløyser ferjesambandet Krokeide–Hufthamar om lag 123,9 mill. kroner, mens Husavik–Sandvikvåg utløyser i om lag 21,8 mill. kroner. Det høge beløpet for Krokeide–Hufthamar heng saman med at ferjesambandet er forholdsvis langt og har mykje trafikk. Det fører til at dei normerte ferjekostnadene er svært høge for dette ferjesambandet.
Eit nytt brusamband mellom Huftarøy i Austevoll kommune og Reksteren i Tysnes kommune vil gi auka rammetilskot gjennom kriteriet vedlikehaldsbehov fylkesveg, og dette blir trekt frå i berekninga av ferjeavløysingsmidlane. Basert på opplysningar om det nye vegnettet frå fylkeskommunen, vil det nye brusambandet utløyse om lag 9,6 mill. kroner med dagens modell for å berekne kriteriet for fylkesveg i inntektssystemet.
Det årlege beløpet med ferjeavløysingsmidlar for dette prosjektet vil dermed vere på om lag 136,1 mill. kroner med dagens inntektssystem (123,9 + 21,8 – 9,6 mill. kroner). I anslaget er det lagt til grunn at begge ferjesambanda blir avløyst av det nye brusambandet, og at prosjektet blir godkjent som ein del av den fylkeskommunale ferjeavløysingsordninga. Ifølge retningslinjene er det Samferdselsdepartementet som gjer vedtak om kva prosjekt som fell inn under ordninga.
Ifølge Vestland fylkeskommune er ferjeavløysingsprosjektet mellom Huftarøy og Reksteren først aktuelt etter realisering av ny E39 mellom Stort og Os (Hordfast). Prosjektet ligg derfor eit stykke fram i tid. Eg vil understreke at endringar både i inntektssystemet og i grunnlagsdata for utrekning av ferjekriteriet kan endre seg innan det skal gjerast endeleg vedtak om ferjeavløysingsmidlar for dette prosjektet. I somme tilfelle kan sjølv moderate endringar i til dømes trafikken på eit ferjesamband føre til vesentlege endringar i tilskotet gjennom inntektssystemet. Overslaget på ferjeavløysingsmidlar er derfor usikkert, og den endelege utrekninga kan gi eit anna resultat.
Det endelege beløpet skal i følgje retningslinjene for ordninga fastsettast etter at fylkeskommunen har sendt endeleg søknad om ferjeavløysingsmidlar. Det endelege beløpet vil bli berekna med utgangspunkt i inntektssystemet slik det er på det tidspunktet søknaden blir behandla.
Rammetilskotet til fylkeskommunane er i 2023 auka med 180,8 mill. kroner for å legge til rette for gratis ferjer til øyer utan fast vegsamband og andre veglause samfunn. Ordninga gjeld frå og med 16. august, og kompensasjonen til fylkeskommunane er gitt med ei særskilt fordeling innanfor rammetilskotet. Tilskot med særskilt fordeling er ikkje ein del av ferjeavløysingsordninga.
I Prop. 112 S (2022–2023) Kommuneproposisjonen 2024, foreslår departementet at midlane til gratis ferjer blir fordelt etter ein justert versjon av ferjekriteriet frå og med 2024. Kompensasjonen for gratis ferjer vil dermed òg komme inn i grunnlaget for utrekning av ferjeavløysingsmidlar frå 2024.
Ordninga med gratis ferje på sambanda Krokeide–Hufthamar og Husavik–Sandvikvåg gjeld frå 16. august i år, og kompensasjonen er derfor ikkje gitt med heilårseffekt i 2023. Viss kompensasjonen for siste del av 2023 hadde blitt fordelt etter ein justert versjon av ferjekriteriet, slik departementet foreslår i kommuneproposisjonen, ville beløpet for dei to sambanda vore på høvesvis 7 mill. kroner og 1 mill. kroner. Det samla beløpet med ferjeavløysingsmidlar ville med det auka med 8 mill. kroner samanlikna med anslaget over.
Departementet har førebels ikkje talgrunnlag for å berekne heilårseffekten av ordninga med gratis ferjer for desse sambanda i ferjeavløysingsordninga. Eg kan derfor ikkje gi eit anslag på heilårseffekten av innlemminga av midlane til gratis ferjer i ordninga for dette prosjektet.