Abid Raja (V): Vil statsråden sikra at folkehøgskulane kan ta i mot ukrainarar ved å godkjenna studielån og stipend til folkehøgskuleåret?
Begrunnelse
Ukrainske flyktningar kan søka stipend og studielån til "høgare utdanning", det finnes også eigne ordningar for grunnskule og VGS.
For mange vil språk og integrering gjere spesielt høgare utdanning vanskeleg. For mange kan eit år på folkehøgskule med norske elevar og norsk språkopplæring vere eit svært godt introduksjonstilbod og naturleg språkopplæring. I tillegg til skulane sitt fokus på allmenndanning og demokratisering.
Nokre skular har attpåtil særskilde internasjonale linjer mynta på framandspråklege elevar som skal læra seg norsk. Ein slik skule er Stord Folkehøgskule, kor fleire Ukrainske ungdomar/unge vaksne er tildelt skuleplass men må avventa svar frå Lånekassen på om dette er gyldig for stipend og studielån.
Under flyktningekrisa i 2015/16 tok folkehøgskulane i mot mange, og avlasta ein del kapasitet.