Ingrid Fiskaa (SV): 28. mai er andre runde i det tyrkiske presidentvalet. Det er stor bekymring for valfusk.
Kva vil utanriksministeren gjere for å forhindre arrestasjon av kritiske journalistar og opposisjonelle fram mot andre valrunde, og vil utanriksministeren bidra til internasjonale observatørkorps og støtte tyrkiske organisasjonar som arbeider for at andre valrunde vert fritt og demokratisk?
Begrunnelse
Det vert ein andre runde i det tyrkiske presidentvalet, etter at ingen av kandidatane fekk over 50 % av røystene i første omgang. Valkampen før første runde den 14. mai føregjekk ikkje fritt og demokratisk, då ei rekkje opposisjonspolitikarar vart arrestert og det nest største opposisjonspartiet, Folkets Demokratiske Parti (HDP), vart hindra i å delta. OSCE, ei rekkje menneskerettsorganisasjonar, parlamentarikarar og frivillige som var til stades for å observere valet, har allereie konkludert med at verken det juridiske rammeverket eller sjølve gjennomføringa av valet var tilstrekkeleg demokratisk. Internasjonalt nærvær og støtte til lokale organisasjonar som advokatforeiningar er heilt avgjerande for at andre valrunde skal gå føre seg på demokratisk vis.