Alfred Jens Bjørlo (V): Kan statsråden gje ei oversikt over status for støtte til ideelle og frivillige organisasjonar og stiftingar som i 2022 mottok stønad som enkeltståande, namngjeve tilskot i statsbudsjettet på Helse- og omsorgsdepartementet sitt område, samt ein tilsvarande oversikt over tiltak som får stønad gjennom nyetablerte ordningar i 2023 utan at dei fekk øyremerka tilskot i 2022 og ei oversikt over eventuelle tiltak som framleis får stønad i 2023 utanom etablerte, søkbare ordningar?
Begrunnelse
Eg syner til Prop. 1 S (2022-2023) Helse- og omsorgsdepartementet, omtale i kap. 2.29 side 28, og tilsvarande i Prop. 1 S (2022-2023) Gul bok, kap. 8.3. Regjeringa gjorde her greie for at ei rekkje øyremerka tilskot vart avvikla og innlemma i søkbare ordningar.
Denne endringa møtte sterk kritikk frå store deler av organisasjonslivet, som frykta mindre forutsigbarhet for viktige, etablerte helse- og velferdstiltak som ofte har mange tilsette. Mellom anna peikte Abelia i si budsjetthøyring på at eventuelle endringar burde gjerast som pilotordningar for fleirårige tilskot, slik Stortinget også har vedteke i vedtak 362 (17. desember 2015) og seinast i vedtak 560 (28. mars 2023), og dessutan under handsaminga av Frivillighetsmeldinga i 2019 der Stortinget slutta seg til ein ambisjon om å gjennomføre "pilotprosjekt med nokre tilskotsordningar som tek i bruk fleirårige avtalar."
Eg syner også til Innst. 11 S (2022-2023) der fleirtalspartia som inngjekk budsjettavtale tydeleg "ber regjeringen prioritere tilskudd til allerede etablerte tilbud og prosjekter i 2023, slik at forutsigbarheten til organisasjonene ivaretas" (kap 4.39.4), medan representantar frå tre opposisjonsparti gav uttrykk for at "Ved å redusere bevilgningen og fjerne øremerkede tilskudd skaper regjeringen stor og unødvendig uforutsigbarhet for en lang rekke pasient- og brukerorganisasjoner som gjør et svært viktig arbeid."
Det er difor grunnlag for å hevde at det er tverrpolitisk interesse for å ivareta stabilitet for mottakarane av det som tidlegare var øyremerka tilskot.
Eg ber om at oversikta som blir etterspurd i spørsmålet innheld namn på organisasjon og tiltak, namn og forvaltningsorgan for stønadsordninga som dei evt. er henvist til, storleik på tilskotet i 2022, samt omsøkt og tildelt beløp i 2023.