Ingrid Fiskaa (SV): Utviklingsministeren skriv i svaret på det tidlegare spørsmålet mitt om Norfund sitt søksmål i ICSID mot Honduras at slike tvisteløysingsmekanismar kan vera utfordrande både konstitusjonelt og politisk. Noreg har fem mellomstatlege avtaler som inkluderer slike investor-stat tvisteløysingsklausular, deriblant med Chile og Peru.
Vil utviklingsministeren ta initiativ til at Noreg avsluttar desse avtalene?
Begrunnelse
Noreg har ikkje inngått avtaler som legg til rette for at investorar kan saksøke statar sidan 2002. Tvert imot har regjeringa avslutta slike avtaler med EØS-land. Slike tvisteløysingsmekanismar er kontroversielle då ei rekkje multinasjonale selskap har saksøkt land for reguleringar på viktige område som miljø, helse og finansiering av velferdsgode gjennom auka skatt, grunngitt med at reguleringane medfører mindre inntening enn det selskapet hadde sett for seg. Dette er som utviklingsministeren sjølv påpeiker problematisk frå eit demokratisk perspektiv. Det er viktig at folkevalde forsamlingar får høve til å innføre velferdstenester og miljøpolitikk. ICSID og andre stat-investor tvisteløysingsmekanismar har dømt ei rekkje land til å betale store erstatningssummar til private selskap. Dette er spesielt uheldig for fattige land som treng pengar for å redusere fattigdom. Etter tusenårsskiftet har derfor også fleire utviklingsland, som Sør-Afrika og Bolivia, sagt opp slike avtaler og meldt seg ut av ICSID.
Noreg har i dag fem avtaler som legg til rette for at investorar kan stemne statar. Det er bilaterale investeringsavtaler med Chile, Peru, Tsjekkia og Slovakia og ein Efta-frihandelsavtale med Singapore. Dei bilaterale investeringsavtalene vart inngått tidleg på 1990-talet og den bindande perioden på 10-15 år er no over. Avtalene varer automatisk inntil ein av partane seier dei opp med eit års forvarsel.