Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:2321 (2022-2023)
Innlevert: 24.05.2023
Sendt: 24.05.2023
Besvart: 31.05.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Når og hvordan følger statsråden opp saka om ubåten på Fedje?

Begrunnelse

Nå er det lenge sidan fiskeri- og havministeren fekk rapport fra utval om håndtering av kvikksølvet ved u-båten ved Fedje. På møtet mellom KS Vestland og benkene var dette eit tverrpolitisk sak kommunene etterlyste status på.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Regjeringa går nå gjennom rapporten og alle høyringsinnspel. Eg registrerer at utvalet meiner at tildekking av vrak og kvikksølvforureining er den beste løysinga ut ifrå ei reint miljøfagleg vurdering, men at dei tilrår ei løysing som inneber ei trinnvis tilnærming med heving av kvikksølv før tildekking, mellom anna av omsyn til opplevd risiko i lokalmiljøet. Så registrerer eg òg at nokre av høyringsinnspela peiker på heving av vraket og forureininga som den einaste akseptable løysinga, mens andre meiner det ikkje finst fagleg grunnlag for å gå vidare med heving av kvikksølv. Det er difor viktige og komplekse vurderingar som regjeringa skal gjere, og dette arbeidet kan ta noko tid. Om det viser seg mogleg, vil vi presentere saka for Stortinget i samband med framlegginga av Prop. 1 S (2023-2024).