Skriftlig spørsmål fra Kjell Ingolf Ropstad (KrF) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2326 (2022-2023)
Innlevert: 24.05.2023
Sendt: 24.05.2023
Besvart: 31.05.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Spørsmål

Kjell Ingolf Ropstad (KrF): Hvordan vil statsråden sikre at reklameforbudet mot barn opprettholdes i kanaler der kunstig intelligens tas i bruk, men der barn og unge opplever at de snakker med en venn som gir objektive anbefalinger?

Begrunnelse

I Norge er det forbudt å målrette reklame mot barn. Samtidig ser vi nå en enorm fremvekst av kunstig intelligens, også i sosiale medier som ved for eksempel Snapchats AI-«venn». Jeg er bekymret for om reguleringen av sosiale medier og bruken av reklame klarer å henge med på det tempoet utviklingen skjer i, og hvilke konsekvenser det kan ha for barn og unge. Nyhetsmorgen 24. mai melder om at Snapchat vurderer å la AI-vennen bruke reklame i samtalene med brukerne. Barneombudet er bekymret for påvirkningen kommersielle kan få på barn og unge.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: I grunngivinga for spørsmålet uttrykkjer representanten bekymring for om reguleringa av sosiale medium og reklame klarer å henge med på utviklinga, og kva konsekvensar dette kan ha for barn og unge. Eg deler denne bekymringa.
Digitale medium er ein stor del av kvardagen til barn og unge, og ein viktig føresetnad for det sosiale og kreative livet deira, og for deltaking i samfunnet. Samstundes utfordrar digitale medium forbrukarvernet til barn og unge.
Digitaliseringa har introdusert nye og effektive marknadsføringsmetodar på barna sine eigne arenaer og møteplassar. Ein eventuell introduksjon av reklame i samtaler med praterobotar er eit tydeleg døme på dette. I denne utviklinga er kunnskap om digitale marknadsføringsteknikkar viktig. På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet, er Forbrukartilsynet i gang med å utvide undervisningsverktøyet «Reklameskolen» til å omfatte elevar i både barne- og ungdomsskulen. Det er ikkje ansvaret til barn å gjennomskode marknadsføringa, men det er viktig at vi gir dei ferdigheiter til å vurdere kritisk bodskapa dei blir eksponerte for.
Ein marknadsføringspraksis der kunstig intelligens blir brukt for å reklamere overfor barn, kan reise spørsmål etter dei gjeldande reglane om marknadsføring overfor barn. Marknadsføringslova slår fast at det skal visast særleg aktsemd når barn kan sjå eller høyre marknadsføring. Aktørar som vurderer å introdusere reklame i tenester som barn nyttar, må innrette seg etter reglane i marknadsføringslova.
Det eksisterer ikkje eit generelt forbod mot reklame retta mot barn. Noko reklame overfor barn er derfor lovleg, men det er strenge rammer for slik marknadsføring. For det fyrste er det forbode å direkte oppmode barn til å kjøpe produkt, eller oppmode dei til å mase på foreldre om å kjøpe det. For det andre er skjult reklame forbode. Det er heilt grunnleggjande at marknadsføring tydeleg står fram som marknadsføring, og at merkinga av reklamen er tydeleg nok til at barn og unge får det med seg og forstår. Det finst òg generelle reglar om påtrengjande, villeiande eller aggressiv reklame.
Det følgjer av marknadsføringslova at dei generelle reglane skal vurderast strengare overfor barn. Det skal takast omsyn til alder, utvikling og andre forhold som gjer barn spesielt sårbare. Reklame i tenester som blandar saman reklame og anna innhald, som i tillegg kommuniserer direkte til barn, kan fort reise spørsmål etter desse reglane. Forbrukartilsynet har heimel til å slå ned på praksis som bryt marknadsføringslova.
Reglane i marknadsføringslova er teknologinøytrale og generelle. Det betyr at dei kan brukast til å gripe inn mot nye praksisar, som ikkje var tenkte ut eller teknisk moglege på tidspunktet då reglane blei utforma. Reglane fungerer slik sett som eit sikkerheitsnett for nye praksisar som utfordrar forbrukarvernet.
Sjølv om vi har eit regelverk som regulerer problemstillinga representanten tar opp, er eg oppteken av å sikre at forbrukarvernet til barn held tritt med den digitale utviklinga. Regjeringa er i gang med ein heilskapleg gjennomgang av forbrukarvernet til barn i digitale medium, som departementet mitt leier. Vi vurderer no om reglane og handhevinga av dei kan forbetrast i møte med den digitale utviklinga.