Skriftlig spørsmål fra Kari-Anne Jønnes (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2340 (2022-2023)
Innlevert: 25.05.2023
Sendt: 26.05.2023
Besvart: 05.06.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kari-Anne Jønnes (H)

Spørsmål

Kari-Anne Jønnes (H): Hvordan kan statsråden kan jobbe så målrettet for å fase ut kommersielle aktører i barnevernet, når hun her ser fra Innlandet at det er akkurat disse tilbudene man tyr til når det blir utfordringer med kapasiteten?

Begrunnelse

Barnevernstjenesten i Innlandet melder om rekordhøyt antall forespørsler om institusjonsplass. Det er tallene for årets fire første måneder som viser dette. Det er også vedvarende stor etterspørsel etter akuttplasseringer i både institusjon og beredskapshjem, skriver Oppland Arbeiderblad.
Regiondirektør Ingrid Pelin Berg har forfattet et brev som har gått ut til alle kommunene i region øst. I brevet skriver hun blant annet:

«Vi er i dialog med private leverandører, for å avklare om de kan tilby økt kapasitet i eksisterendetjenestetilbud ut året. Vi etterspør både institusjonsplasser og beredskapshjem, i første omgang med varighet ut 2023.»

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det siste halve året har det vore ein auke i etterspurnad etter institusjonsplassar i fleire av Bufetat sine regionar, og Bufetat har difor hatt utfordringar med å oppfylle bistandsplikta, særleg på akuttområdet og særleg for barn som har behov i grensesnittet mellom barnevern, psykisk helse og kriminalomsorg. Dette er noko eg tar på stort alvor, og regjeringa har i samband med RNB 2023 foreslått ei løyving på om lag 260 millionar kroner for å styrke det statlege barnevernet.
Regjeringa har eit klart mål om at det offentlege sjølv skal ha eit tilbod til barna med dei største og mest samansette utfordringane. Dei statlege barneverninstitusjonane bør difor styrkast samstundes som det er ønskjeleg å auke delen plassar levert av ideelle leverandørar. Dette er ei tilnærming som er fagleg forankra, og Stortinget har slutta seg til det.
Regjeringa sin plan for ideell vekst og utfasing av kommersielle aktørar blei omtala i Prop. 118 S (2022–2023) i samband med RNB. Omstillinga skal skje gradvis, og er avhengig av dei ordinære budsjettprosessane, at vi lukkast med å styrkje dei statlege institusjonane og at dei ideelle aktørane klarer å levere det som trengst. Vi er i gang med omstillingane, og med eit forslag om 60 millioner kroner i samband med RNB 2023 til dette arbeidet, er det prioritert til saman 220 millioner kroner til omstillinga og styrking av offentleg og ideelt institusjonsbarnevern dei siste tre åra.
Det er ei kjennsgjerning at bruken av kommersielle tilbydarar har auka sterkt dei siste 10 åra. For ein del av institusjonstilbudet har dei kommersielle tilbydarane stått for over halvparten av kapasiteten. Omstillinga regjeringa ynskjer må difor skje over ei viss tid slik at ein kan byggje opp ny kapasitet før ein reduserer kommersielle plassar. Bakgrunnen for at enkelte av Bufetats regionar no etterspør kapasitet hos dei kommersielle leverandørane er ein nokså markert auke i etterspurnaden av visse typar institusjonsplassar, plassar det offentlege akkurat no ikkje har nok etablert kapasitet for å tilby. Men eg legg til grunn at med den styrkinga av det statlege barnevernet som regjeringa har foreslått i RNB, vil ein kunne ha større framdrift i arbeidet med omstilling i retning offentleg og ideell drift i alle Bufetat sine regionar.