Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2352 (2022-2023)
Innlevert: 26.05.2023
Sendt: 26.05.2023
Besvart: 05.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): I Lindesnes kommune går det no ein planprosess der det som mest sannsynleg er eit mineraluttaksprosjekt blir framstilt som eit prosjekt for hamn og industriområde med plan om produksjon av fundament til flytande havvind.
Korleis stiller regjeringa seg til godkjenning av prosjekt som ville vore underlagt konsesjonsplikt frå Direktoratet for Mineralforvaltning dersom det ikkje var feilaktig definert som hamn og industriområde?

Begrunnelse

I Lindesnes kommune pågår ein planprosess der det blir søkt om å sprenga ut 15 millionar tonn øyegneis 2,5 km frå bybusetnad og 3 km frå strandperla Sjøsanden. I søknad blir det hevda at området skal opparbeidast som hamn og industriområde med plan om produksjon av fundament til flytande havvind.
Marknadsdata frå energibransjen slik som Energy Industry Council Datastream viser at dei dataa som blir brukt i plandokumentet om potensielle prosjekt og arbeidsplassar ikkje stemmer med det verkelege behovet i marknaden. Søkar har heller ingen avtalar med partar som vil nytta arealet til havvind eller andre sjøretta industriformål. Søkar er eit entreprenørselskap som har planar om å selja stein og pukk som byggemateriale.

I NGU sin rapport 2019.021 «Geologi for samfunnet» skriv seniorforskar Peer Rickhard Neeb dette:

«Der de naturgitte forholdene ligger til rette for etablering av store pukkverk i kystsonen av Norge og der infrastruktur, miljøkriterier, havneforhold og kvalitet er tilstede, kan nye steder for mulig fremtidig uttaksområde lokaliseres. Da kan også risikovillige norske selskaper få et realistisk fundament for langsiktig markeds- og investeringsstrategi. (…) Norge har mange interessante bergarter langs kysten for fremtidig pukkproduksjon. Økende internasjonal etterspørsel etter byggeråstoffer og skjerpede miljøkrav på kontinentet, kan gjøre Norge til en enda viktigere leverandør av byggeråstoffer til Europa fremover. (…) I flere europeiske land er det økende restriksjoner mot uttak av grus på grunn av miljøkonflikter, og i nær fremtid forventes det nye restriksjoner. Den viktigste årsaken er at mange av forsyningskildene ligger i områder med høy befolkningskonsentrasjon. Grustak og pukkverk kan være sjenerende naboskap, grunnet støy, støvutslipp og trafikk.»

Prosjektet i Lindesnes medfører fjerning av eit svaberg og hei like stort som 40 fotballbanar og vil mellom anna medføra ulemper som støy, støv og naturøydeleggingar innan 100-metersbeltet i tillegg til trafikale utfordringar, altså dei same utfordringane som gjer at fleire europeiske land har aukande restriksjonar på uttak av grus og pukk.

Prosjektet framstår dermed meir som eit mineraluttaksprosjekt som seglar under flagget «Havn og Industriområde».

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Lindesnes kommune vedtok i 2012 områderegulering for Strømsvika-Sodevika. Reguleringsplanen legg grunnlag for etablering av ei hamn i Strømsvika og utviding av industriområdet mellom Jåbekk og Sodevika. Det er stilt krav om detaljregulering før utbygging.
Kommunen har no lagt forslag til detaljregulering for Sodevika hamn og industriområde ut til offentleg ettersyn. Føremålet med planen er å legge til rette for etablering av eit sjøretta industriområde med tilhøyrande hamneanlegg og service- og støttefunksjonar. Det går fram av planbeskrivelsen at opparbeiding av industriområdet inneber uttak av om lag 6,4 millionar m³ stein.
Kystverket og Statsforvaltaren i Agder har motsegn til planforslaget. Motsegnene er knytt til framkomst og sikker ferdsel til sjøs, støy, støv og utslepp til luft, konsekvensar for marint naturmangfald, dyrka mark og parkering. Direktoratet for mineralforvaltning ber tiltakshavar ta kontakt for å avklare uttaket i høve til minerallova og konsesjonsplikta.
Kommunal- og distriktsdepartementet handsamar motsegner til kommunale arealplanar viss saka ikkje finn si løysing gjennom dialog eller mekling hos statsforvaltaren. Eg ber om forståing for at eg ikkje kan uttale meg konkret om denne saka som ikkje er slutthandsama av kommunen.