Ingrid Fiskaa (SV): Kva har regjeringa gjort for å forsikra seg om at det ikkje er atomvåpen om bord på hangarskipet Gerald R. Ford når det no seglar i norske farvatn, og har regjeringa kommunisert det norske synet om at Noreg skal vera ei atomvåpenfri sone i samband med besøket av hangarskipet?
Begrunnelse
Mange har uttrykt frykt for at det er atomvåpen om bord på USA sitt hangarskip Gerald R. Ford. Atomvåpen er ein vanleg del av våpenbehaldninga på amerikanske militære fartøy.