Birgit Oline Kjerstad (SV): 25 april lanserte regjeringa mange områder slangs heile kysten som kan bli aktuelle for havvind. Samtidig vert det stadige lansert initiativ av ulike aktørar til havvindområder i tillegg til det NVE har lansert. I presentasjonen 25. april var det tydeleg at det er mange kunnskapshol, mellom anna om kostnader, påverknad på fiskevandringar, gyteområder og fugl. Forskarar har nyleg vist at torskeyngel endrar symjeretning når dei vert påverka av støy, noko som tyder på at ny aktivitet i havet kan påverke livet i havet meir enn mange trur.
Vil ministeren sørge for å fylgje havforkningsintituttet sine råd frå 2020 om å unngå gytefelt og gennomføre minst tre års miljøkartlegging for å skaffe godt kunnskapsgrunnlag før vedtak, og meiner ministeren at det er kapasitet i forvaltninga til å utrede og vurdere konsekvensane i tråd med forvaltningslova paragraf 17 sine krav for alle desse områda som er peika ut?
Begrunnelse
Havvind er eit stort satsingsområde for regjeringa som Stortinget har stilt seg bak ut frå nokre heilt tydelige føresetnader om at utbygginga ikkje skal få alvorlege konsekvensar for natur og miljø. I handsaming av innstilling 446 S (2021- 2022) vart det gjort ei rekke vedtak om havvind som seier at det var ein føresetnad for vedtaket om å støtte det å lyse ut areal for 30 GW havvind at miljøkartleggingane, naturpåverknaden og forundersøkingane er gjort på ein måte som sikrar omsyn til dei store biologsike verdiane i norske havområder. Det er med andre ord viktig at det blir teke omsyn til fiskeri, gytefelt, oppvekstområder for fisk og fugletrekk i saksprosessane. Havforskningsinstituttet kom i 2020 med ei liste over tilrådingar på kva som bør gjerast av forskning i samband med havvind. Det vart rådd til ein standard protokoll for fysiske og biologiske undersøkingar i minst 3 år i forkant av opning. Det vert tilrådd at der det vert bygt bør gjennomførast overvaking, av korleis støy, lys, habitat, konstruksjon og dekonstruksjon, elektromagnetisk stråling og endra straumforhold og lagdeling i vatnet endrar seg av havvindanlegget. Noreg har i forplikta seg til 100% berekraftig forvaltning av havområda og sterkare vern av dei mest verdfulle områda gjennom eit representativt vern av minst 30 % av havet.