Alfred Jens Bjørlo (V): ENOVA si støtteordning for landstraumsanlegg har vore svært vellykka. Noreg har blitt eit føregangsland på å levere rein energi til skip ved kai. No varslar ENOVA at dei vil fjerne ordninga fordi «marknaden er moden», trass i at mange små og mellomstore hamner ikkje har investert i landstraum endå.
Meiner statsråden at det er ein moden marknad for å investere i landstraumsanlegg for dei mindre hamnene langs kysten, slik at bortfall av ENOVA-støtte ikkje vil forseinke det grøne skiftet til sjøs og ute i distrikts-Noreg?
Begrunnelse
ENOVA har støtta 193 landstraumprosjekt. Det har ført til at Noreg er eit føregangsland for det grøne skiftet til sjøs. Ingen andre land har betre tilgang på landstraum. Det skuldast politisk vilje og kraft til å leie an i klimaomstillinga til sjøs, ikkje at det er ein moden marknad der slike investeringar er lønsame og kan «reknast heim». Marknaden er i praksis pr i dag ikkje-eksisterande for dei små og mellomstore hamnene – i dei aller fleste norske hamner er det ikkje ei økonomisk forsvarleg avgjerd å bygge ut landstraum utan offentleg drahjelp.
Fleire av de mindre hamnene som har planlagt landstraum, melder at planane no ikkje kan gjennomførast. Utan ENOVA-støtten forsvinn landstraum som lett tilgjengelig klimatiltak, og vil difor detter Venstre sitt syn vere med på å forseinke klimakutt og grøn omstilling til sjøs det. Det er også svært dårleg distrikts-politikk: Dei hamnene som no opplever at staten trekk opp stigen framfor nasa på dei er ofte små hamner i distrikta, hamner som ligg lite tilgjengeleg til eller på annan måte ikkje er i stand til sjølve å prioritere investeringa.
Samtidig er det stadig fleire nye og strengare klima- og berekraftskrav på veg, blant anna utsleppsfrie verdsarvsfjordar frå 2026. Det medfører ein meirkostnad for lokalsamfunna som no må tilpasse seg ein ny kvardag, og det er ein overgang som storsamfunnet må stille opp og bidra til.