Frank Edvard Sve (FrP): Kan statsråden forklare kva som er gjort for å hindre alle desse brudda på trafikkreglane frå syklistane, og kan statsråden leggje fram ei oversikt over kor mange syklistar som er bøtelagt så langt i år for å ha køyrt på rødt trafikklys?
Begrunnelse
Trafikktrygging og trafikkregler er viktig for å hindre ulykker.
Som oftast er det fokus på bil og bilbruk gjeldande trafikkregler, og den siste tida har størrelser på bøter for overtredelser av trafikkreglane fått stort fokus.
Derimot har det vore liten eller ingen fokus på trafikkregler og brudd på disse frå andre trafikanter, då spesielt syklistar og sparkesyklar.
I dag har eg på veg frå Grønnegata til Stortinget observert minst 30-40 grove brudd på trafikkreglane frå syklistar som køyrer syklane som om dei var stjålet, rett gjennom kryssa på rødt, på feil side av vegen, på gangfelt, brudd på vikeplikt osv. Syklistane gjev regelrett blaffen i alt og alle rundt seg og oppfører seg som om dei er aleine i trafikken.
"Aldeles greinalaust når ein far med barnesete bak køyrer i full fart rett igjennom eit kryss på rødt, og unngår så vidt å bli nedkøyrt av ein bil, aldeles vanvittig å sjå."
Sparkesyklane er ikkje eit hår betre, køyrer i hytt og pine, på rødt og bryt det meste av trafikkreglane.
Alle desse lovbrota av syklistane fører til dårlig og farlig flyt i trafikken, der det verkar som det berre er å "bratue seg fram" og sitter ein på ein sykkel ser det ut til at alt er lov.