Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2386 (2022-2023) Innlevert: 30.05.2023 Sendt: 30.05.2023 Besvart: 07.06.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre
Alfred Jens Bjørlo (V): Næringsministeren er sitert på følgande i sak på VG.no 30/5: "Jeg er ikke kjent med at noen andre land har en praksis knyttet til å telle utenlandske investeringer og oppkjøp i næringslivet."Er næringsministeren kjend med at EU har ein egen mekanisme for kontroll av utenlandske investeringar (FDI) og oppkjøp av europeiske firma, og har han i etterkant av intervjuet med VG blitt kjend med andre døme på denne type praksis i andre land enn Noreg?
Jan Christian Vestre: Eg er godt kjent med at fleire av våre næraste naboland har regelverk som inneber at styresmaktene kan fange opp, vurdere og eventuelt gripe inn i utanlandske investeringar i nokre førehandsutpekte sektorar i næringslivet, av omsyn til nasjonale tryggleiksinteresser. Eg er også kjent med at EU gjennom forordning 2019/452 ber medlemsstatane om å implementere slike nasjonale regelverk. Forordninga legg også til rette for utveksling av informasjon mellom EU-landa og EU-kommisjonen om konkrete investeringar og erfaringar. Dette er noko ganske anna enn å følgje med på kor mange norske bedrifter som er selde til utanlandske eigarar, slik representanten var oppteken av i sitt førre spørsmål til meg 8. mai (nr. 2156). Gitt referansen til EU sitt investeringskontrollregelverk i dette nye spørsmålet, forstår eg det slik at spørsmålet til representanten om oversikt gjeld styresmaktene sin kontroll med utanlandske investeringar i strategisk viktige ressursar eller bedrifter i Noreg. I Noreg gir tryggleikslova (Lov om nasjonal sikkerhet, Sikkerhetsloven) styresmaktene høve til å fange opp, vurdere og eventuelt gripe inn i investeringar i verksemder som er underlagde lova. Justis- og beredskapsdepartementet leiar eit departementsnettverk som løpande vurderer saker som kan utgjere ein trussel mot nasjonal tryggleik.Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) er nasjonalt kontaktpunkt i Noreg for varsel om pågåande eller planlagt tryggleikstruande økonomisk aktivitet. Som ei konkret oppfølging av Bergen Engines-saka løyva denne regjeringa 17,5 millionar kroner til NSM som ei styrking av arbeidet med handsaming av saker knytt til framande statar si bruk av økonomiske verkemiddel til tryggleikstruande aktivitet. NSM handsamar ikkje berre saker knytt til verksemder som er underlagde tryggleikslova. Dei mottek også i aukande grad varsel om økonomisk verksemd der det ikkje formelt er meldeplikt. Dette viser at det er en auka medvit om og merksemd i samfunnet for nasjonal tryggleik.Ettersom det likevel er relativt få verksemder som er underlagd tryggleikslova og som har meldeplikt, meiner regjeringa at det er behov for å vurdere om Noreg bør kontrollere investeringar i nokre fleire delar av næringslivet, slik som no er blitt meir vanleg i nabolanda våre og i EU. Regjeringa har derfor satt ned eit utval som greier ut om dette spørsmålet. I mandatet til utvalet står det blant anna at utvalet skal sjå hen til regelverksutviklinga i EU og andre land. Utvalet skal levere ei NOU i desember i år. Ein noko breiare investeringskontroll kan vere ein meir målretta bruk av ressursar enn at styresmaktene til kvar tid følgjer med på enkeltinvesteringar i alle delar av næringslivet. Regelverk for å kontrollere og i nokre tilfelle stanse transaksjonar mellom private aktørar kan likevel vere inngripande og medføre kostnader for næringslivet. Handheving av denne typen regelverk kan også vere ressurskrevjande for styresmaktene. Det er derfor regjeringa ønskjer ei grundig utgreiing som veg dei ulike omsyna mot kvarandre. I Noreg har vi meir enn 600 000 verksemder. Regjeringa meiner det er betre bruk av ressursar å utvikle gode mekanismar for kontroll med eigarskap (screening) og sørgje for systematisk oppfølging og samarbeid enn å kontrollere om kvar enkelt verksemd har norsk eller utanlandsk eigarskap. Kontroll i form av teljing og registrering av enkeltverksemder og eigarskapsforhold i desse, som representanten oppmodar til, vitnar om ein mistillit til næringslivet og bedriftseigarar som eg ikkje deler.