Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa jobbe for at utbetalingstidspunktet for ulike sosiale stønadar blir betre samordna?
Begrunnelse
Folk som er i jobb kan som regel forholde seg til ein fast dato i månaden der løn blir utbetalt. Det gjer det enkelt å planlegge økonomisk. For dei som er avhengige av ulike stønadar, derimot, kan det variere stort når utbetalingar skjer. Dersom ein til dømes er avhengig av arbeidsavklaringspengar, bustønad, sosialstønad og barnetrygd, kan det variere mykje når utbetalingane kjem, og kva storleiken vil vere. Spørsmålet er om det er noko som er til hinder for at slike utbetalingar i større grad blir samordna, slik at betalingane kjem samstundes, og om dette er noko regjeringa vil jobbe for.