Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2463 (2022-2023)
Innlevert: 06.06.2023
Sendt: 07.06.2023
Besvart: 14.06.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Batteribedrifta Corvus varsla 6. juni at dei stoppar planane om å bygge ein ny storskala batterifabrikk i Lyseparken i Bjørnafjorden kommune/Vestland fylke, på grunn av svak og sein oppfølging frå den norske regjeringa på USAs nye klimapakke (IRA).
Kva vil Næringsministeren gjere for å medvirke til å få Corvus sine planer om å etablere grøn industri på Vestlandet på skinnene igjen, og raskt få på plass norsk- og EU-tilpassa rammevilkår for batteriindustri og andre typer storskala fornybar industri i Noreg?

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Regjeringa heiar og satsar på næringsverksemd, og særleg på prosjekta som tek oss til lågutsleppssamfunnet. Vi har satt som mål at Noreg skal ha redusert utsleppa av klimagassar med 55 prosent innan 2030. Ein av måtane vi skal kome oss dit på, er ved å bruke meir fornybar kraft, og mindre fossil kraft. Heile verda etterspør meir fornybar kraft og grøn teknologi. For å stabilisere den variable, fornybare krafta, slik at ho kan brukast omtrent som fossilt brensel, må vi ha mellom anna batteri til ulike formål, med gode eigenskapar for yting, tryggleik og berekraft.
Regjeringa har vald ut batteri til ein av pilarane i «Grønt industriløft» som skal hjelpe til å realisere verdiskapingspotensialet i utvalde grøne verdikjeder. I tillegg har vi lagt fram ein nasjonal batteristrategi. I denne presenterer regjeringa ti grep for ei berekraftig industrialisering innanfor batteriproduksjon. Vi er godt i gang med mange av grepa. Vi stiller mellom anna opp med kapital, lån og garantiar, som skal utløyse privat kapital. Vi deltek på ministernivå som fast medlem av European Battery Alliance, som det einaste landet utanfor EU, og vi jobbar med å etablere ei kopling mellom ambisiøse norske batteriprosjekt og etablerte IPCEI-initiativ på feltet. Dette skapar betre rammevilkår for norsk batteriindustri.
Tilbakemeldingar eg får i møte med mange verksemder er at Noreg er eit godt land å drive næringsverksemd i. Samfunnet vårt har ein del eigenskapar det kan vere vanskeleg å setje ein verdi på i kroner og øre. Den norske samfunnsmodellen blir kjenneteikna av høg grad av fridom, tillit og ansvar til den enkelte medarbeidar, generelt høgt utdanningsnivå i befolkninga, sosial tryggleik til alle og ein distriktsprofil som tek heile landet i bruk gjennom eit desentralisert tilbod av utdanning, velferd og infrastruktur. Dette er gode som gir høg produktivitet og ei evne til å drive kontinuerleg forbetringsarbeid.
Verksemder må tenkje seg godt om når det gjeld kor dei skal investere. Ei avgjerd om kor ei verksemd skal bygge sin neste fabrikk skal stå seg over tid. Her spelar tidsavgrensa støttepakkar som IRA ei rolle, men ho er ikkje den einaste eller viktigaste rolla, etter mitt syn.
Eg er oppteken av å bygge langsiktig norsk konkurransekraft for dei neste tiåra. Vi lanserte Grønt industriløft for snart eit år sidan. Ambisjonane våre, om berekraftige og lønnsame arbeidsplassar for framtida, utsleppsreduksjonar og grøn omstilling, og redusert sårbarheit i sentrale verdikjeder, ligg fast. Verda har endra seg, men behovet for grøn teknologi har berre blitt større. Verkemidla våre skal være utforma slik at dei gir god konkurranse om statlege midlar, slik at vi sikrar at det er dei beste prosjekta som får støtte. Eg har òg signalisert at vi skal sjå gjennom verkemidla våre med tanke på behovet for oppdateringar, i lys av mellom anna IRA.