Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2486 (2022-2023)
Innlevert: 09.06.2023
Sendt: 09.06.2023
Besvart: 15.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til at utbyggingsavtalevedtak blir ansett som enkeltvedtak?

Begrunnelse

Kommuner bruker utbyggingsavtaler med private utbyggere for å mellom annet håndtere rekkefølgekrav. Disse avtalene er ofte svært omfangsrike og utbyggerne føler de er tvunget for å ikke senke prosessen. Disse avtalene er ikke enkeltvedtak som kan klages på / lovlighetsvurderes om de er i tråd med lovgivers intensjon.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Kommunal- og distriktsdepartementet har tidlegare vurdert innføring av ei klage- eller overprøvingsordning for utbyggingsavtalar, men korne til at det vil vere ressurskrevjande og utfordrande å få til i praksis. Men departementet sende eit forslag til lovendringar på høyring i 2021, som blant anna gjaldt justeringar i reglane om utbyggingsavtalar. Forslaget klargjer vilkåra for kva ein utbyggingsavtale kan innehalde, og at domstolane kan prøve innhaldet i utbyggingsavtalen fullt ut. Dette vil gjere det tydelegare at domstolane kan overprøve innhaldet i utbyggingsavtalane mellom kommunen og utbyggjar, og kva dei kan prøve.
Høyringsforslaget gjaldt vidare ein ny modell for grunneigarfinansering av infrastruktur, som er eit alternativ til dei frivillige utbyggingsavtalane. Modellen opnar for at kommunane kan gi føresegner i arealplan om kva som er nødvendig infrastruktur for utbygging i eit område, og korleis kostnadene til denne infrastrukturen skal fordelast på grunneigedomane i det aktuelle området. Ved å synleggjere betalingspliktene som gjeld for dei einskilde grunneigedomane i arealplan, kan utbygger føresjå kostnadar i byggjeprosessane tidlegare. Modellen gjerdet også mogeleg å sjå større område i samanheng og sikre ei jamnare byrdefordeling. Endringane skal gi raskare og betre byggjeprosessar og på denne måten sikre nødvendig utbygging.
Ein annan fordel ved bruk av modellen er at utbyggjar får mogelegheit til å klage på kostnadsfordelinga som er fastsette i reguleringsplan. Manglande klagerett på utbyggingsavtalar kan dermed avhjelpast dersom kommunen tek den nye modellen i bruk.
Departementet har jobba med justeringar i forslaget etter høyring. Et revidert forslag vil etter planen sendast på ny høyring i løpet av året.