Skriftlig spørsmål fra Olaug Vervik Bollestad (KrF) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2488 (2022-2023)
Innlevert: 07.06.2023
Sendt: 12.06.2023
Besvart: 20.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Spørsmål

Olaug Vervik Bollestad (KrF): Mange utviklingshemmede er i dag ekskludert fra viktige digitale arenaer, fordi de ikke får bruke BankID. Blant annet er det utfordrende for mange foreldre å få tilgang til viktige helsejournaler. KrF har nylig foreslått et krav om verifiserbar digital ID på sosiale medier som sikrer en reell 13-års-aldersgrense, og da trengs det også en løsning som kan fungere for utviklingshemmede.
Når vil regjeringen komme med en konkret løsning til en sikker digital ID som inkluderer funksjonshemmede?

Begrunnelse

En sikker digital ID for utviklingshemmede har vært mangelvare i lang tid. Statssekretær Gunn Karin Gjul i KMD uttalte til NRK 13. april i fjor at regjeringen var i sluttfasen av arbeidet med en ny nasjonal strategi for eID i offentlig sektor. Hun sa at målet var å sikre alle nødvendig elektronisk tilgang til offentlige tjenester og at de som ikke selv kan opptre digitalt, kan la seg representere av andre.
De nødvendige regelendringene er allerede vedtatt og åpner for at en fullmektig eller verge kan bruke sin egen elektroniske ID for tilgang til tjenester på vegne av den man er verge eller fullmektig for. Det som gjenstår at er at regjeringen presenterer en konkret løsning.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Digitalt utanforskap er eit av dei områda regjeringa jobbar med å finne gode løysingar på. Digitaliseringa skal gje ein enklare kvardag for både innbyggjarar, næringsliv og frivillig sektor, og det er ei viktig målsetting at alle som har evne til det, skal kunne kommunisere digitalt med offentleg sektor.
Vi er kjent med utfordringane representanten tek opp. Regjeringa har nyleg vedteke ein ny nasjonal strategi for eID i offentlig sektor, der vi mellom anna har sett på korleis ein kan sikre tilgang til digitale tenester gjennom å sørgje for at alle har moglegheit for å skaffe seg ein eID på det tryggingsnivået dei har behov for. Departementet jobbar for tida med ein handlingsplan som ein oppfølgjing av eID-strategien. Regjeringa har også nyleg lagt fram ein handlingsplan som følger opp strategien for økt digital deltakelse og kompetanse i befolkningen - Digital hele livet, som ble lagt fram i 2021 av den forrige regjeringa og der målet er å motvirke digitalt utenforskap og sikre at flest mulig blir inkludert i det digitale fellesskapet.
Elektronisk ID er inngangsnøkkelen til digitale tenester. eID-strategien sitt utgangspunkt er at offentleg sektor må ta eit større ansvar for at identifiserte brukarbehov blir ivareteke. Det er ein ambisjon at alle skal ha moglegheit til å få bistand til å benytte ein eID, tilrettelagte løysingar eller at andre kan opptre på vegne av brukaren. Alle som ønskjer det skal kunne la seg representere digitalt av andre, dersom en sjølv av ulike årsaker ikkje er i stand til å nytte digitale tenester. Eitt av tiltaka i strategien er derfor å greie ut brukarvennlege digitale fullmaktsløysingar som gjer det mogleg å få tilgang til digitale tenester på vegner av ein annan brukar. Slike løysingar vil bygge vidare på løysingar som allereie er sett i gang, som Digitaliseringsdirektoratet sitt arbeid med fullmaktsregister-prosjektet (FUFINN) og løysinga Altinn Autorisasjon.
Eit anna viktig tiltak i strategien er å greia ut beste praksis og behov for sikker kommunikasjon mellom ulike sektorar og unge brukarar, også under 12 år. Utgreiinga skal gje ein betre forståelse for behov som unge brukarar har for sikker kommunikasjon og samhandling med det offentlege for ulike formål, sjølv om løysingar for sikker kommunikasjon truleg må utviklast per sektor. Tiltaket inneber å lage veiledning og beste praksis for fellesfunksjonalitet i slike løysingar dersom utgreiinga viser at det er behov for dette.