Skriftlig spørsmål fra Hans Andreas Limi (FrP) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:2523 (2022-2023)
Innlevert: 13.06.2023
Sendt: 13.06.2023
Besvart: 19.06.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Hans Andreas Limi (FrP)

Spørsmål

Hans Andreas Limi (FrP): Kan statsråden opplyse hvor mange utenlandske statsborgere som har stemmerett ved høstens kommunevalg, og hvor stor andel av velgerne dette utgjør på landsbasis og i byene Oslo og Drammen?

Begrunnelse

For å stemme ved stortingsvalg må man være norsk statsborger og ha eller noen gang ha vært folkeregistrert som bosatt i Norge. For å stemme med kommune og fylkestingsvalg er det ikke et tilsvarende krav, men et krav om at man må ha stått innført i folkeregisteret som bosatt i Norge de tre siste årene før valgdagen, eller være statsborger i et annet nordisk land og ha blitt folkeregistrert som bosatt i Norge senest 30. juni i valgåret. Det gjør at langt flere personer har stemmerett ved lokalvalg enn ved stortingsvalg.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Verken departementet eller Valdirektoratet sit på informasjon om kva statsborgarskap veljarane har. Departementet har derfor tatt kontakt med Statistisk Sentralbyrå (SSB).
SSB opplyser at dei publiserte førebelse data over talet på røysteføre i april i år. Dei strekar under at tala er estimerte. Årsaka er at det endelege manntalet ikkje var ferdig då tala vart publiserte. Røysteføre registrert med bustadadresse i Noreg blir førte inn i manntalet i den kommunen dei er folkeregistrert som busett den 30. juni i valåret. Manntalet er derfor ikkje klart før etter denne datoen.
SSB opplyser om at det per april var:

- Om lag 358 400 utanlandske statsborgarar med røysterett i alt
- Om lag 67 491 utanlandske statsborgarar med røysterett i Oslo
- Om lag 8 930 utanlandske statsborgarar med røysterett i Drammen

Ifølgje SSB er rundt 8 prosent av dei røysteføre ved haustens val utanlandske statsborgarar, noko som er ein nedgang på 1 prosentpoeng sidan 2019. I Oslo er talet rundt 12 prosent. Fordi statistikken er publisert på fylkesnivå og ikkje kommunenivå, har dei ikkje prosent for Drammen kommune.
SSB publiserer ikkje nye tall om røysteføre før valet, men vil publisere omfattande statistikk om veljarane og valdeltaking etter valet.