Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2545 (2022-2023)
Innlevert: 14.06.2023
Sendt: 15.06.2023
Besvart: 22.06.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Hvilke konkrete planer har statsråden for oppfølgingstilbudet for adoptivfamilier, og hvilken kompetanse, erfaring og bakgrunn har representantene som skal utføre ettervernet?

Begrunnelse

I oktober 2021 ba Romantisert innvandring om en uavhengig gransking av adopsjoner til Norge etter funn av menneskehandelsaker nasjonalt og internasjonalt. Etter press fra både politisk hold med bl.a. SV, adopsjonorganisasjoner og potensielle ofre, samt mediebildet, annonserte Barne- og familieministeren Kjersti Toppe i januar at departementet har vedtatt en uavhengig gransking.
Staten har formidlet adopsjoner siden slutten av 1950-tallet, og de siste 30 årene har adoptivfamilier bedt om et ettervernstilbud. Det var derfor gledelig å lese i VG-debattinnlegget «Gransking av adopsjon må ha tillit» (5. mai 2023), forfattet av Barne- og familieministeren, at ministeren er tydelig på at departementet vil prioritere et oppfølgingstilbud på statsbudsjettet i 2024.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg ynskjer å styrkje oppfølginga av adopterte etter adopsjon, og har gitt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i oppdrag å utvikle fleire etteradopsjonstiltak. To norske forskingsrapportar frå 2020 og 2021 viser behovet for nettopp dette: Forskingsrapporten Bedre føre var OG etter snar frå Folkehelseinstituttet viser at fleire adopterte og familiane deira opplever vanskar, og fleire treng òg styrkt oppfølging. Vidare viser forskingsrapporten Rasisme, diskriminering og tilhørighet blant utenlandsadopterte i Norge, utført av Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR) ved Oslomet, at om lag halvparten av utanlandsadopterte har opplevd forskjellsbehandling og rasisme. Fleire utanlandsadopterte opplever at dei utanfrå blir oppfatta som ikkje å vere norske, og kan oppleve det som vanskeleg.  
Bufdir har også vurdert dette, og anbefalte i ei utgreiing i 2021 (Etteradopsjonstilbud til adopterte og familiane deira. Kartlegging av behov og forslag til tiltak) styrking av oppfølginga av adopterte. På grunn av dette kunnskapsgrunnlaget har eg i departementet sitt tildelingsbrev for 2023 gitt fire oppdrag til Bufdir (oppdrag 23-26) som gjeld oppfølging av adopterte og familiane deira etter adopsjon:

1) Bufdir skal etablere kurs for adoptivforeldre. Rasisme og utanforskap er blant tema som må inkluderast. Målet er å gi god foreldrestøtte og rettleiing om tenestetilbodet, og dessutan gi moglegheit for å danne nettverk. Det skal vurderast om eit tilbod til adopterte barn og ungdommar bør inkluderast.
2) Bufdir skal etablere bistand til adopterte til søk etter biologisk opphav.
3) Bufdir skal utvikle ei kompetanseteneste for adopterte og familiane deira etter adopsjonen, som både skal gi individuell rettleiing til adopterte og familiane deira om tenestetilbodet etter adopsjon, og gi informasjon/fagstøtte om adopsjonsspesifikke problemstillingar til bruk for aktuelle tenester.
4) Bufdir skal vurdere utvikling av eit prøveprosjekt med samtalestøtte til nasjonalt og internasjonalt adopterte, etter svensk modell omtalt i punkt 3.10.2.1. i Bufdirs utgreiing.

Utvikling av ei kompetanseteneste for adopterte og familiane deira etter adopsjon vil vere det første tiltaket som kjem på plass. Den skal etter planen vere operativ frå 15. august 2023, og skal driftast av Bufetat region aust. Bufetat region aust har eit solid fagmiljø på adopsjon, og har allereie fleire nasjonale oppgåver på adopsjonsfeltet. Mellom anna arrangerer dei i dag adopsjonsførebuande kurs for adoptivsøkarar.
Når det gjeld bistand til adopterte til søk etter biologisk opphav, så vil også det vere ei teneste som frå hausten av skal verte tilbydt av Bufetat region aust. Dei skal etter planen starte opp med dette frå 1. september 2023.
Det blir arbeidd med desse tiltaka i Bufdir no.