Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2564 (2022-2023)
Innlevert: 16.06.2023
Sendt: 16.06.2023
Besvart: 28.06.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Hvorfor er satsene for bidragsforskudd så lave?

Begrunnelse

Når far ikke betaler barnebidrag, har mor rett på bidragsforskudd fra NAV. Den ordinære satsen for dette er i dag 1 320 kroner i måneden. Dette fremstår for meg som svært lavt, og jeg lurer på om statsråden mener dette er et rimelig nivå og hvis ikke om statsråden vil ta initiativ til at satsene blir hevet.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Forskotteringsordninga er regulert i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven), som 1. januar 2023 blei overført frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne- og familiedepartementet.
Bidragsforskot er ei offentleg yting som vert utbetalt når barnebidrag etter barnelova av ulike årsaker ikkje vert betalt. Føremålet med ordninga er å sikre at barn som er omfatta av lova, får eit minste månadleg underhaldsbidrag. Det offentlege har krav på refusjon for utlagt bidragsforskot, og trår inn i retten til barnebidrag for same beløp som er utbetalt i forskot. Bidragsforskot vert ytt sjølv om barnebidrag ikkje vert fastsett, mellom anna dersom dette kjem av manglande, eller delvis, bidragsevne hos den bidragspliktige, og barnebidraget er fastsett lågare enn forskotsbeløpet. Bidragsforskotet vil i desse tilfella vere ei rein yting frå det offentlege til underhaldet av barnet.
Storleiken på satsane for utbetaling av bidragsforskot er historisk fundert. Fram til 1. oktober 2003 vart bidragsforskot gitt med eitt og same beløp til alle. Som ledd i bidragsreforma av 2003, jf. Ot.prp. nr. 43 (2000-2001), vart forskotet ei behovsprøvd yting etter inntekta til forskotsmottakaren, og forskot blir no ytt med tre satsar: «auka forskot» (svarer til det opphavelege 100 prosent forskot), «ordinært forskot» (75 prosent av opphaveleg 100 prosent) eller «redusert forskot» (50 prosent av opphaveleg 100 prosent). Retten til forskott fell bort ved full forsørgjarevne, fastsett etter lova. Den viktigaste grunnen til omlegginga frå éin sats til tre, var at eit fast forskot per barn ikkje lengre var i samsvar med at barnebidraget blir fastsett etter dei reelle kostnadane kvar av foreldra har til forsørginga. Dersom satsane ikkje hadde vorte endra, ville barnebidraget til barnet kunne bli lågare enn den opphavelege eine fastsette forskotssatsen, òg der foreldra samla sett hadde god økonomi. Foreldre med økonomisk evne til å forsørgje barnet sjølve, ville med andre ord då ha rett til å få ei offentleg støtte utan å ha eit reelt behov for det.. Ved å inntektsprøve forskotet mot inntekta til forskotsmottakaren sikra ein seg mot denne verknaden. Dei tre satsane for bidragsforskot er halde ved like ved at dei årleg per 1. juli blir indeksregulerte etter konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Som nemnd overtok eg ansvaret for forskotteringsloven først frå 1. januar 2023, men eg viser til at det dei seinare åra har vore to ulike utval som har vurdert ordninga med bidragsforskot. Utgreiingane finst i NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene og NOU 2020: 14 Ny barnelov. Eg vil med utgangspunkt i desse utgreiingane gjere ein gjennomgang og vurdering av forskoteringsordninga, og òg om nivået på satsane på bidragsforskotet er på eit riktig nivå.