Birgit Oline Kjerstad (SV): Etter mange års diskusjon vart EU landa nyleg einige om ei ny migrasjonspakt. Historisk mange menneske er på flukt, og overfylte flyktningleirar og tusenvis av menneske som har drukna fordi greske og italiensk styresmakter tvingar båtar med flyktningar ut igjen på havet i staden for å gje dei ei trygg hamn, vitnar om eit stort behov for betre handtering. Humanitære organisasjonar meiner den nye pakta gjer vondt værre.
Kva er regjeringas posisjon til den nye europeiske migrasjonspakta?
Begrunnelse
8. juni vart EU landa einige om hovudlinjene i ein ny asyl- og migrasjonspakt. Sjølv om politikken no skal handsamast i EU parlamentet og pakta ikkje vil tre i kraft før 2024 er det venta at det endelege resultatet vil ligge nært opp til semja som no er inngått.
Semja kom etter mange års diskusjonar der Hellas og Italia har hatt sterke ynskje om ei betre fordeling av ankomne flyktningar, Frankrike og Nederland har ynskt å stramme inn og redusere talet flyktningar på kontinentet, Polen og Ungarn har ikkje ynskt å ivareta retten til asyl i det heile tatt, og Tyskland som har ynskt ei oppmjuking av europeisk flyktningpolitikk.
Sistnemde og andre land land som har stått opp for ein meir human flyktningpolitikk er dei klare taparane av forhandlingane. Ifølgje paraplyorganisasjonen for flyktningorganisasjonar i Europa ECRE så strammas reglementet inn og det vert endå vansklegare for menneske å få asyl i Europa. Pakta tek ikkje eit oppgjer med den illegale push-backs praksisen som har ført tusanvis av flyktningar i døden. Istaden vil EU her betale tredjeland for å ta imot flyktningar.
I forhandlingane har solidaritet vore eit mykje bruka ord. Humanitære organisasjonar har påpeika at det ikkje har vore solidaritet med menneska som flyktar til Europa, men solidaritet mellom europeiske land. Fleire land må dele Hellas og Italias si "byrde" har det blitt sagt. Men den regionale solidariteten er det lite å sjå att av. For med pakta som no vart lagt fram så kan EU land betale seg ut av knipa i staden for relokalisere flyktningar.
Sjølv om Noreg ikkje er med i EU vil me over tid bli bundne av pakta.