Alfred Jens Bjørlo (V): Vil regjeringa sørge for at eit vaksenvaksinasjonsprogram kjem på plass og blir rulla ut seinast i samband med statsbudsjettet for 2024, og vil statsråden sikre at også andre vaksiner enn influensavaksine, som pneumokokkvaksine, vil vere tilgjengeleg i eit vaksenvaksinasjonsprogram allereie frå start?
Begrunnelse
Den 16. juli la regjeringa fram Meld. St. 24 (2022-2023) Fellesskap og meistring - bu trygt heime, som regjeringa lenge har knytt store forventningar til. Regjeringa vektlegg i meldinga tre innsatsområde; eit program for eit aldersvennleg Noreg, eldrebustadprogrammet og den nye heimetenesta. NOU 2023:4 Tid for handling teiknar eit alvorleg bilete for helse- og omsorgstenesta. Med helsepersonellkommisjonen sin utgreiing som bakgrunn, er førebygging og tidleg innsats ein føresetnad for ei berekraftig helse- og omsorgsteneste der innbyggjarane kan ha tryggleik for eigen helse og alderdom. Også i ei tid der mangelen på helsepersonell aukar.
Saman med helsepersonellkommisjonen sin utgreiing og Meld. St. 15 (2022-2203) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helse, legg Bu trygt heime-reforma eit høgt ambisjonsnivå for kva den offentlege helse- og omsorgstenesta skal løyse i framtida. Det er difor overraskande at regjeringa, på tross av at helsepersonell, fagmyndigheiter og Stortinget i fleire år har etterlyst eit vaksinasjonsprogram som inkluderer vaksine for vaksne, enno ikkje klarer å konkludere. Det er ingen tvil om at vaksinering mot pneumokokksjukdom, influensa, kikhoste og andre sjukdomar er ein god måte å betre folkehelsa på, samstundes som vi veit at vaksinedekninga er lågare enn ønskjeleg.
Underteikna merkar seg at Helse- og omsorgsdepartementet i slutten av mai i år, i tillegg til tildelingsbrev, har gitt Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet i oppdrag å utgreie finansieringsmodellar og eit system for informasjon. Tilrådinga frå Folkehelseinstituttet har lege på bordet sidan 2018, og Stortinget har venta lenge på realiseringa av eit vaksenvaksinasjonsprogram.
Underteikna er glad for at det er bevegelse i arbeidet, men er uroa for at regjeringa sitt forslag vil vere langt mindre ambisiøst når det gjeld kva vaksiner som blir inkludert enn det som blir forventa. Det vil vere alvorleg om den naudsynte effekten vi kan få av førebygging framleis uteblir.